Frå Manco Capac til Viracocha Inca.
   Nesten 200 år etter at Inka riket var blitt grunnlagt av Marco Capac, ca 1200 etter Kristus, var inka riket framleis berre eit lite landbruksområde høgt oppe i Andesfjella. På denne tida var det under hundre år sidan det mektige Wari riket, som hadde hatt kontrollen av det meste i det området som Peru ligg i dag, hadde rakna og blitt oppløyst. Det var derfor stor usikkerhet i desse nye provinsane. Det førte til at det blei mange små og store grupper og statar som kriga mot kvarandre i Andesfjella. Grupper som Quechuas, Lupacas og Collas blei sterkare og sterkare. Men ingen av dei blei noko sterkare enn dei andre store gruppene, så man begynte å danne alliansar mellom gruppene. Inkaene var også med i desse krigane, men fordi dei var små og hadde liten sjanse til å hevde seg mot dei store vart dei nøydde til å alliere seg med andre grupper. Sånn var det lenge for Inkaene, men i slutten av Viracocha regjeringstid skjedde det noko. Cuzco blei invadert av Chancas, som var ei meget mektig folke gruppe. Viracocha frykta at inkaene ikkje hadde ein sjanse mot dei mektige angriparane. Så derfor flykta han og sonen hans, Inca Urcon til fortet Caquia Xaquixahuana. Den andre sonen til Viracocha, Inca Yuoanqui, nekta å flykte slik som faren og broren hadde gjort, så han blei igjen for å beskytte Cuzco. Yuoanqui var ikkje treg av seg, og fekk raskt laga allianse mellom Inkaene, Canas og Canchis, som straks sendte soldatar for å hjelpe inkaene.
Men til inga nytte, det såg som om inkaene hadde tapt kampen om Cuzco, men så skjedde det noko; alle steinane som låg i marka der kampane gjekk for seg reiste seg frå jorda og blei gjort om til menn som skulle hjelpe Inkaene. Då Chancas såg dette vart dei så skremde at dei stakk av.