Geografi.
På Quechua, språket til Inkaene, heiter riket deira Tawantinsuyu. Enkelt oversett, tyder dette ”Verdens Fire Hjørne”. Som vi ser av namnet, var riket delt inn i fire delar (suyus) som alle møttes i hovudstaden Cuzco. Nord-Vest for Cuzco finn vi Chinchasuyu, Sør-Vest finn vi Condesuyu, Antisuyu ligg i Nord-Aust, og Collasuyu ligg Sør-Aust for Cuzco. Innanfor desse fire regionane, styrte Inkaene over 100 forskjellige småsamfunn, med mange forskjellige folkeslag og kanskje like mange språk. Utruleg nok, var Inka Riket kortvarig, knapt 100 år, ifrå 1438 e.Kr til conquistadorane kom i 1532 e.kr. Til tross for den korte tida Inka Riket eksisterte, skapte Inkaene det største samfunnet før Europearane kom. Riket deira strakte seg over 4000 km, beståande av heile Peru, høglandet i Ecuador, Nord-Chile, Vest-Bolivia og den Nord-vestre delen av Argentina. Dette store området inneheldt veldig forskjellig klima, frå varm og tørr ørken, til den fuktige reinskogen i Amazonas, og høgt oppe i Andesfjella. Sjølv om det kunne vere vanskelige forhold å komme seg fram, klarte Inkaene å byggje eit enormt samband av vegar, så dei kom seg rundt over alt.