Amon.

   Amon ble mellom annet dyrket i  byen Hermopolis, som en av gudene i ei åtte-guds-gruppe.Amon var dyrket som hovedgud i Theben. Amon og kona Mut, og sønnen deres,  Månen - KHONSU , utgjorde Thebens guddommelege treeinigheit (triade). Amon vart assosiert med vinden, og med løyndommar, løyndomsfulle saker ogløynde ting. Ammon tyder "gøymt". Amon var opphaveleg ein lokal thebansk gud for fruktbarheit, og han vart skildra i

framtoning som ein vær. Han var ein primitiv gud, knytt til bønder og jordbruk.

 Då ein thebansk lensherre slo seg opp til farao, gjorde han Amon til hovudgud for heile riket, men då samansmelta med solguden RA frå Heliopolis, og den nye kombinasjon vart dyrka under namnet AMON-RA. Når Ra no kom inn i biletet vartdet andre bollar! Ra var gudanes far og menneskas skapar, og hadde universiell allmakt. Amon-Ra vart vernegud for den egyptiske nasjon og det egyptiske kongedømme. Presteskapet til Amon-Ra vart mektig - øvsteprestane rivaliserte med farao om makta. Verdas største tempel vart bygd for Amon-Ra i Karnak.

 Kong Amenhotep III ville innføre ein ny religion i Egypt. Han gav solguden namnet ATON. Hans son og etterfølgjar,

Amenhotep IV døypte seg sjølv om til AKHEN-ATON, og innførte monoteisme, inspirert av religionen til dronninga si,Nefertiti, som visst kom frå eit rike lenger sør og vest i Afrika. (monoteisme = tru på ein gud)

 Akhenaton forfølgde Amon-prestane, og ville utrydde alle spor etter den gamle religionen - (eit vanvittig prosjekt). Etter Akhenatons død fekk Amon-Ra og dei andre gamle gudane sine posisjonar tilbake.

 Amon vart seinare av grekarane assosiert med Zevs, og av romarane med Jupiter.

 Mellom dei egyptiske guddommane vi kjenner til frå svært tidleg tid, er Amon og den kvinnelege partneren hans, AMENT. I pyramidetekstane til Unas er dei to nemnt rett etter gudeparet NAU og NEN, og i tilknyting til tvilling-løve-gudane SHU og TEFNUT, som er nemnt som dei to gudane som laga sine eigne kroppar. Gudinna TEMT er også nemnt i same rennet - guden TEM sin kvinnelege partnar.

 Det står klart at i ei så fjern tid som under det femte dynasti, vart Amon og Ament rekna med blant dei opphavlege gudane. Om dei ikkje var øvste-guddom, så opptrådte dei som effektuerarar av øvsteguddommens vilje. Øvsteguddommen måtte då vere Nau/Nen, som var "vatnets kjelder", som gav opphav til alt liv.

 Det er ennå ikkje funne gamle skriftlege kjelder som fortel oss noko om Amon sine attributtar, men namnet hans tyder altså "gøymt", og det viser truleg til den skjulte, ukjente skapingskrafta som styrte på i opphavstida. Amon var gøymt for sine barn, og gøymt for gudar og menneske.Somme forskarar trur dette har tilknyting til solnedgangen - sola som gjekk i skjul kvar kveld, men dette held truleg ikkje stikk. Amons utsjånad skal ha vore ukjent - hans namn var ukjent, og han var uutgrunneleg. båpde for gudar og menneske. Då kunne ikkje Amon ha vore Sola, som alle har sett.

 I mykje seinare tid, i tida før det ptolemaiiske dynasti tok makta, vart Amon meir konkret. Han vart knytt til æva, og han kunne verte avbileta som ein mann som sat på ei trone, med eit septer i eine handa og livets symbol i andre handa. Eit reliff viser Amon som ein mann med froskehovud, medan Ament sit ved hans side med hovud som ei solskive (uraea). Amen vart også avbileta som ape, og som ei slumrande løve. Den barokke skikken med å gi gudane dyrehovud tilhøyrer helst ei nyare tid av Egypts historie.