Apis.

 I Saqqara var ein heilagdom for oksen APIS.   Ein trur denne kulten har blitt importert hit i seinare tid, og at Apis vart dyrka som symbol for OSIRIS.

 I 1851 vart ein okse-figur gravd fram ved Saqqara, og då heiv egyptiske kvinner seg på han og reid - så minnet om

dyrking av oksen som fræve-guddom eksisterte ennå den gang i Egypt.

 Nifsaste dyret ein kunne treffe på i dei veldige europeiske skogane for 10 000 år sidan, var den store villoksen som vi kallar urokse (aurochs, urus), Bos primigenius. Nærare to meter høg kunne han verte, og vog innpå eitt tonn.  Han var likevel langbeint og lettbygd, men med ein fryktinngytande, muskulløs nakke. Av farge var han glinsande svart, med ei kvit rand langsetter ryggen og eit kvitt bles fremst på naseryggen ved mulen. Kyrne var mindre enn oksane, og brunfaga. Arten fans også på det afrikanske kontinent - der var både okse og ku  raudbrune av farge. Horna var svære - opptil 3 fot lange - lyst gråbleike av farge, med svarte, framoverretta spissar. Dyra var svært raske og aggressive - dei heldt saman  i mindre flokkar, og gjekk til åtak heller enn å vike unna om nokon kom dei for nær. Særleg farleg var oksen som var leiar for flokken. Han vakta flokken under beiting - han sneik omkring i dei tette skogsnar, på utkik etter fiendar. Luktesansen var god - han hadde peila deg inn før du vardes flokken. Han sneik seg varleg tett innpå deg: så frøste han skræmeleg og kom som eit kanonskot brasande ut av krattet.

 Uroksen må ikkje forvekslast med visent (europeisk bison). I den geologiske tidsalderen vi kallar Pleistocen, (2,5 million år -10.000 år sidan) fans det tre store kvegartar i Europa:

            Urokse (aurochs, urus, tury)                 Bos primigenius

            Visent (europeisk bison, zubr)            Bison bonasus   (Bison priscus)

            Vassbøffel                                           Bubalus murrensis (Bubalus bubalis)

Nå fins vassbøffel bare i varmare strøk i Asia. Visenten har så vidt overlevd i mindre reservat i Polen og Russland, medan

uroksen er utdøydd som art. (Siste eksemplar døde i eit polsk viltreservat i 1627).

 

Medan istidas tyngjande, kalde bre ennå klemde Nord-Europa under seg, for 35 000 år sidan, laga steinalderfolk i noverande

Frankrike og Spania holemåleri av uroksar og andre villdyr, i djupe grotter. I Lascaux-grotta i Midt-Frankrike, spring fire

veldige oksar over taket i hovudkammeret. Den største av dei er meir enn fem meter lang frå hovud til hale. Nokre av oksane

er teikna med kun omriss-strek, medan andre er farga og konturert. Omkring dei dansar kyr av mykje mindre storleik. I grotta

finn vi også måleri av hjort, steinbukk, hestar og bison (visent). I andre holer i Spania og Frankrike - det er funne omlag hundre

av dei - finn vi teikningar av mammut, villsvin, nasehorn og fisk. Men mest halvparten av dei avbileta dyra er urokse og hest.

 

Det er laga mange teoriar om kvifor holemåleria vart laga. Helst vert holekunsten rekna å vere eit element i

religions-utøvinga:         

            Bileta vart laga som takk-offergåve til guddomsmaktene, for å halde dei i godlune.

      Bileta hadde magisk kraft til å fremje fræve hjå viltet - sikre rikeleg med vilt for framtida. (Mange av bileta viser

      drektige kyr).

      Viltet var nesten utrydda, så ein tydde til magiske bilete for å mane det fram att.

      Jaktscener vart teikna for på magisk vis å påverke at jakta vart vellukka. (Mange av teikningane viser dyr som er råka

      av/felt med spyd og piler).

      Teikningane er lekk i ein fræve-kult. Somme dyr, mellom anna hesten, symboliserte det mannlege prinsipp (sex), medan

      urokse og andre artar symboliserte det kvinnelege prinsipp. Grottene fungerte som tempelrom. Menn og kvinner samla

      seg ved kvar sine dyreartar i grottene, og etterpå vart rituelle sexualakter utførte der.

Ikkje noko daglegdags gjekk føre seg i grottene. Buplassar var ikkje dette. Grottene låg skræmeleg djupt inne i berget -

stupandes mørke og svært vanskeleg tilgjengelege. Noko særskilt handla det om. Holemålarane måtte samle stort mot for å ta

seg inn i jordas inste rom, og vektige ærend måtte dei ha. Dei  kraup gjennom lave passasjer og klatra over kløfter og juv, med

primitive faklar som hjelperåd mot det totale mørkre. Og det gjalla  kaldt og holt - kvar småsteinen som spratt mot avgrunnane.

Djupt der inne i berget arbeidde dei så i timar og dagar med målingane sine - laga kunstverk for åndene, gudane; og få modige,

utvalde som våga seg inn hit - og for ettertida.

Å kome inn i desse djupe grotter, og sjå fortidsdyra jage over tak og veggar i blafrande fakkellys - æveleg gamle....det er ei

oppleving som skakar kjenslene storleg. Ei høgtidsam og underleg kjensle av sorg eller gråt bevar i di inste sjel, og du skodar

æva djupare enn nokon gong. Du vert på ein gong evig stor og uendeleg liten. Den ufattelege kosmiske æva kjem nært så ho

reint vert sanseleg - omfamnar deg som svarte vindar - du vert rykt  bort frå din jordiske menneskekvardag - fell inn i ei

draumtid der ord er utan meining.

Vi går nokre tusen år fram gjennom historien - Catal Huyuk midt i noverande Tyrkia, for 8.500 år sidan. Dette er ein av dei

eldste byar vi kjenner. Her hadde folk samla seg, etter å ha omstrukturert seg frå å vere jegarar/samlarar til å bli bønder. Byen

hadde omlag 6000 innbuarar, som budde i hus som låg tett samanpakka innanfor eit område på 120 mål. Husa var bygd av

murstein av leire, og hadde flate tak. Gater mellom husa var ikkje oppfunne, så samferdslen gjekk frå tak til tak, ved hjelp av

trapper og stigar. Ein tredel av alle romma i byen hadde religiøs funksjon. Dette tyder på at kvar familie hadde sitt eige sakrale

rom - heilag-rom. I desse heilag-romma var det bilete av uroksar. Oksar var malt på veggane, og oksehovud som var

modellerte i leire raga ut frå andre veggar. Dei fleste heilag-rom hadde eit alter, og alteret var dekorert med små oksehovud i

leire. Noke av oksehovuda var reparerte og nymåla opptil 100 gangar; truleg i samband med utøving av religiøse rituale. I

somme av heilagromma var kranier av urokse mura inn i veggen, med horna intakt. I eitt rom var sju par svære horn mura inn i

ein leire-benk - det eine paret framom det andre.

Somme av okse-bileta var knytt saman med ein kvinne-figur - truleg ei mor-gudinne. Også andre dyr var representerte i

heilag-romma - gribb, rev, sobel, leopard og vær, men uroksen var det dominerande innslag.

Det er ikkje funne noko som kan tyde på at urokse vart slakt-ofra i desse heilagromma. Her fins ikkje spor etter blod, og ikkje

kunne det ha vore lett å få brakt ein urokse inn, så kronglete og trange som tilkomstane var. Derimot vart små offergåver gravd

ned under golva - fugle-egg og verktøy av stein. Dette er tolka slik at uroksen ikkje var noko offerdyr som kunne ofrast til ein

guddom, men at uroksen sjølv var ein guddom.

Vi veit ikkje om innbuararne i Catal Huyuk hadde temt uroksen. Tamkveg brukar verte mindre av storleik enn sine ville

artsfrender. Urokse-krania i heilagromma i Catal Huyuk var store, men det går mange generasjonar før dvergvekst er framavla,

så vi veit ikkje. Men  2000 år seinare - for 6.500 år sidan - då var uroksen temt. Det må ha vore litt av ein jobb! Og frå

uroksen stammar alt tamkveg vi har i Europa i dag.

Sjølv om uroksen vart husdyr, vart han framleis dyrka som guddom. Mellom anna i Egypt vart uroksen temt. Dei første

jordbrukssamfunna her etablerte seg i små landsbyar. Kvar landsby valde seg eit totem-dyr, og vanlegast var det å vie

landsbyen til oksen. Oksen symboliserte kraft og styrke. Det vart arrangert kampar mellom menn og okse. Dette var ein

manndomsprøve. Kunne ein mann overvinne/nedlegge ein okse, var han guddommeleg sterk. Oksekampane vart etter kvart

kongelege, kalenderfesta og sterkt ritualiserte. Kongen nedla oksen - dei rituelle reglane favoriserte kongen framfor oksen, så

dette gjekk som oftast bra.

Etter kvart vart kongen identifisert med oksen. Han tok namn som "Sterke Okse", og kunstnarar som portretterte kongen,

skildra han som ein okse som kasta sine fiendar høgt til vers, og stanga ned festningsverka deira.

I fjerde årtusen før vår tidsrekning vart landsbyane i Øvre- og Nedre Egypt samla til to kongerike, og omlag år 3000 fvt. vart

dei to kongerika samla til eitt. Ein ny hovudstad vart grunnlagt - Memfis, like sør for der Nil-deltaet byrjar. Her vart ein

okse-gud dyrka - hans namn var APIS. Apis vart ein av dei viktigaste egyptiske guddommane. Apis vart reinkarnasjonen av

guden PTAH. Ptah var ein gud i menneskeform. Ptah var all verdas skapar - han hadde skapt både gudar og menneske, og

deira livsrom. Som skapar var Ptah vernegud for alle handverkarar og kunstnarar. Og ein utvald okse, APIS, vart dyrka i eige

tempel, som Ptah's jordiske framtoning.

Når ein Apis døde, leita prestane landet rundt etter kalven som skulle verte hans etterfølgar. Dei såg etter spesielle teikn. Han

skulle vere svart, med ein kvit trekant ved augebryna. Over skuldrane hadde han eit lyst felt som likna ein gribb med utstrekte

venger; på sidene eit halvmåneforma merke; og eit anna merke, som likna ein falk, på underlivet. Halen hadde dobbelt hårsett,

og under tunga var eit merke som likna ein skarabé.

I vill tilstand ville ein okse/ku med slike farge-avvik verte avvist av flokken, og ikkje greie å formeire seg. Dei egyptiske

kveg-haldarane har favorisert og avla vidare på slike fargeavvik (lette å kjenne att, kuriosa).

Når prestane kunne proklamere at ein ny Apis var funnen, vart det jubel over landet. Barn som vart født på denne dagen fekk

namn som "Oksen er funnen". Den nye Apis vart ført i prosesjon til Memphis. På vegen vitja han tempelet til elvegudinna

HAPI, og fekk gå på beite her medan dei i Memphis gjorde seg klare til å ta imot han. Bare kvinner kunne vitje han i

Hapi-tempelet. Når dei stod framfor han, kledde dei seg nakne og utførte rituelle handlingar. Dette skulle gjere dei fruktbare. 

Etter nokre dagar ferja prestane den nye Apis nedover elva til Memphis. Der fekk han tilhald i Ptah-tempelet, i eit særskilt

område på sørsida. Der levde han resten av sitt jordiske liv. Prestane hans smurte han jamt inn med parfymerte salvar, og han

vart servert utsøkte rettar. På spesielle dagar vart kyr førte inn til han, slik at han kunne utføre heilagt parringsrituale. På

årsdagen for kongens tilsetjing følgde han kongen i prosesjon langs landets grenser, for å fornye markanes fræve. På fest-dagar

paraderte han framfor folket med blomsterkrans om halsen og gull-regalia mellom horna. Nå kunne tilbedarane rådspørje han.

Dette gjorde dei ved å skrive råd på to leirtavler. Eine tavla rådde slik, og andre slik. Så la dei tavlene på kvar si side av vegen

der oksen skulle gå, og såg kva tavle han gjekk nærast. Dette rådet følgde dei.

Når Apis utanda etter 20 år eller så, vart namnet hans endra til "OSIRIS-APIS", for å knyte han til Underverdas guddom. På

gresk vart hans nye namn SERAPIS. Han vart mumifisert så omstendeleg som ein farao, for at sjela hans skulle kjenne att

kroppen i den neste verda. Mumifiseringa tok sju dagar, og i denne tida var prestane i sorg. Dei klaga og jamra seg og reiv

sund kleda sine, kasta støv i håret og levde på ein diett av vatn, grønnsaker og brød.

Først vart hjerna trekt ut gjennom naseborane. Så vart innmaten tatt ut ved eit snitt i buken. Men alle organa vart tekne vare på

- alt trengtes i Etter-livet. Organa vart nøye vaska, pakka og plasserte i fire krukker. Så vart resten av kroppen teken til

balsameringsbordet, som var 6 meter langt og halvparten så breidt, og laga av finaste alabast, med to fint utgraverte løvefigurar

på sidene. Løva var dei dødes vaktar.  I bordplata var nedslipt ei renne som hadde fall mot eine enden av bordet, og utlaup til

eit digert alabast-kar som stod under.

Kroppen til Osiris-Apis låg på bordet i 40 dagar - pakka i natron på innsida og utsida. Natron er salter av natriumkarbonat,

bikarbonat m.m., som fins utfelt som mineral ved saltsjøar i Nedre Egypt. Natron steriliserer kjøtet, og trekker væte ut av

kroppen. Kroppen tørkar inn. Etter 35 dagar vart han bada i balsameringsvæske. Dette er blanding av mjelk og vin som er

tilsett eine-olje, bivoks og krydder. Væska rann ned i alabastkrukka under bordet, og hadde fått magisk kraft etter å ha vore i

kontakt med guddommens kropp. Prestane tok vare på denne, og selde ho for dyre pengar.

Vidare vart heile kroppen dekt med smelta kvae, og så kunne bandasjeringa byrje. Dette tok omlag 30 dagar. Magiske ord og

rituale vart framsagt og utført til kvar operasjon. På den 67. dag vart mumien, kransa og pynta, plassert på ein slede og trekt i

prosesjon til ein seremoni-båt som låg og venta, følgd av prestar, militæreskorte og representantar frå farao. Båten skulle føre

mumien over sjøen som låg mellom Memphis - dei levande sin by, og Saqqara - dei døde sin by.

Komne til Saqqara gjekk prosesjonen langs ei seremoni-gate med 134 stein-sfinxar på rekke, som førte til tempelet som var

vigd  Osiris-Apis. Denne bygningen er nå totalt borte, men hogd i stein under den var katakombane der alle Osiris-Apis var

stett til kvile. Denne vart funnen i 1851, og er eitt av dei mest sensasjonelle arkeologiske funn i Egypt. Desse gravkammera vert

no kalla SERAPIUM.

Gravkammeret for Osiris-Apis hadde i lang tid vore nøye førebudd. Ein kvelving var utgravd, og ein svær sarkofag stilt på plass

der. I tidlege tider var sarkofagen laga av tre, men frå 7. århundre fvt. beordra farao at sarkofagen skulle hoggast i granitt ved

steinbrot 75 mil lenger oppe i Nilen - ved første katarakt, og ferjast ned til Saqqara. Så måtte murarar trekke sarkofagen

gjennom ørkenen og få den på plass i gravkammeret. Den vog 65 tonn!

Golvet i gravromma låg 3 meter lavare enn golvet i korridorane. For å få sarkofagen på plass måtte først gravrommet fyllast

med fin ørkensand. Så vart sarkofagen trekt inn på sanden, som etterpå vart fjerna spann for spann, til sarkofagen stod på

plass.

Så ankom oksemumien, og vart lagt i sarkofagen. Alabastkrukkene som inneheldt innvollane vart plasserte omkring. Det vart

også mange krukker som inneheldt offergåver til Osiris-Apis, og som han skulle ha nytte av i Etter-livet. Så vart eit digert

granitt-lokk lagt på toppen av sarkofagen. Her skulle så okseguden ligge og vente på Etter-livet.

Men då Serapium vart oppdaga og utgravd i 1851, viste det seg at det hadde vore innbrot og røveri i alle sarkofagane bortsett

frå ein. Hjørna på lokka var blitt knust slik at eit barn kunne krype inn og fjerne alt av verdi. Bare ein sarkofag var intakt. Her

fann utgravarane - ved sidan av mumien, ein utsøkt statue av ein Apis-okse - 120 cm høg og av kompakt gull.