Arkeologi i Egypt.
   Trolig er minst 80% av Gamle Egypt ennå ikke utgravd. Men de funn som er gjort til nå overgår fleirfaldige ganger alt annet som arkeologer har gravd fram fra jorda. I 1960-åra byrja arkeologisk arbeid i det sørlege Egypt, og arkeologane fann spor etter sein-paleolitiske kultur-samfunn sommellom anna dyrka bygg. Dette er eldste jordbrukarane vi veit om som sådde og hausta i slammet som låg att etter Nilensårlege flaum. Etter kvart dukka neolittiske kulturar fram med ekte jordbruk og pottemakeri - samt vevkunst. Desse kulturane kulminerte i den såkalla "Tasianske fase" som gjekk over i den første "metall-bearbeidande periode"- "den Badarianskefase". Det var i den badarianske periode at kopar først vart nytta, til pynt, reiskapar og våpen. (paleo tyder tidleg, og litos tyder stein. Seinpaleolitisk = seint i tidleg (eldre) steinalder)
(neolittisk = tilhøyrande nyare (yngre) steinalder)
SIR FLINDERS PETRIE starta opp systematisk og metodisk gransking av gamle egyptiske funn ca. 1880. I 1894-95
avdekka han omlag 3000 graver i Naqada, som brakte fram i lyset perioden like før byrjinga av Egypts historiske tid, omlag3400 fvt. Seinare granskingar kunne skilje kulturen i Øvre Egypt frå kulturen i Nedre Egypt, som var påverka av kulturar iMidt-Austen, og kanskje var befolka av ein annan rase, med andre pottemakar-stilar (dekor med folk og båtar), og med einannan stil på metallarbeida.
I følge tradisjonen samla kongen i sør - Menes, alle bysamfunna i omlandet til eitt rike i byrjinga av den dynastiske periode,(ca. 3100 fvt.). Fleire kosmetikk-palettar frå denne tida er gravert med slagmotiv og jaktmotiv - den flottaste var i kong Narmer's eige. Narmer var kanskje eit anna namn på Menes? Liknande graveringar på steinar og septer og handtak knyterkulturen til Midt-Austen. Dei eldste hieroglyfar skriv seg også frå denne tida.
   Eldste historia til Nord-Egypt var ukjend til nylige utgravingar frambrakte spor frå den før-dynastiske og tidlege dynastiskeperiode. No dukka det fram overdådig utstyrte gravmæle etter sterke familier av regentar. Gravmonumenta i Naqada, Abydosog Saqqärah dukka fram, og hadde mykje å fortelje om kulturen i denne tida.
Dronning Hetepheres (omlag 2600 fvt.) hadde møblar dekorert med innlagt gull. Kong Menkaure (ca. 2578-2553 fvt.) erkjend for skifer-statua som er funnen etter han. Denne er nå i Boston i USA.
ROSETTA-STEINEN vart oppdaga i 1799 - ei stor, svart basalt-blokk - nå i British Museum, med inskripsjonar med
hieroglyfar, demoisk skrift og gresk skrift, av same tekst. Rosetta-steinen hjalp Jean Francoise Champollion til å desiffrere(tyde) hieroglyfane. I 1822 greidde han å løyse gåta med hieroglyfane. Det er egyptiske prestar som har laga forfatta tekstanepå Rosetta-steinen - dei fortel om ekteskapet mellom Ptolemaios V og Cleopatra I.
Massevis av egyptiske inskripsjonar på steinblokker etc. har hamna i private samlingar, og er ikkje tilgjengelege for ålmenta.
KAIRO MUSEUM vart grunnlagt i 1858, og fekk etter kvart delvis kontroll med skattejakta på gamle egyptiske
minnesmerke.
British Museum: http://www.thebritishmuseum.ac.uk/world/world.html  Tilbake