Aton.  

   Aton var solgud. Solguden i Egypt opptrådte under ulike namn og i ulike former frå tid til tid og frå stad til stad.  Tradisjonen omkring Aton kjenner vi lite til. I den historiske epoken "Mellom-kongedømmet" var han ein mindre, provinsiell solgud som vart dyrka i ein mindre by i nærleiken av Heliopolis. Det er mulig at det også vart  bygd eit tempel for Aton i Heliopolis.Namnet på solskiva var også aton. Aton vart symbolisert med solskiva. Han representerte både Sola (konkret) og Solas åndelege kraft. Aton vart avbileta som ei strålande solskive, med strålar som stråla ned i hender som heldt ankh-symbolet

(livets symbol). Eller når det var teikna hender som velsigna kongen og hans familie - då fall gjerne Atons strålar ned i desse hendene. Aton vart også teikna som ei solskive med venger, og gjerne med cobra-amuletten som tilbehør.

Under kong Amenhotep III - den store jegar og krigsmann frå 18. dynasti, vart Aton den sentrale guddom i ei av dei største religiøse og sosiale omveltingane som nokonsinne har gått over Egypt.Kort om korleis Aton vart riks-guddom:Kong Amenhotep III  døypte om den thebanske kombinasjons-guden AMON-RA til Aton - dette var ei gammal nemning på solas fysiske kraft.Amenhotep III´s son og etterfølgjar, kong Amenhotep IV - (1352-1336 fvt.), med si berømte første-dronninga Nefertiti, revolusjonerte egyptisk

religion. Han innførte monoteisme ved å proklamere Aton å vere den einaste og sanne gud. Amenhotep IV endra like godt namn på seg sjølv til Akhenaton, som tyder "Aton er nøgd".(Heilt monoteistisk var likevel ikkje Akhenaton - han dreiv og dyrka nokre mindre gudar ved sidan av Aton). (monoteisme = dyrking av kun ein gud)

Akhenatons reform-iver var så glødande at han fjerna  fleirtalsordet "gudar" frå alle monument, og han forfølgde ubarmhjertig Amon-prestane.Han vart kalla "kjettar-kongen", og hans nyinnførte Aton-religion overlevde ikkje hans død, sjølv om den influerte mykje på tidas kunst og tenking. Etter Akhenatons død gjekk Egypt attende til innfløkt polyteisme, med AMON-RA som øvstegud.(polyteisme = religion som dyrkar mange gudar)Akhenaton grunnla ein ny hovudstad - Akhetaten, som no vert kalla Tall al`Amärinah, (også Amarna). I Karnak bygde Akhenaton eit digert Aton-tempel, men dette vart øydelagt av etterfølgarane hans. Elles gjorde Akhenaton byane Theben og Heliopolis til store kult-sentra for Aton.

Nokre web-sider:                                                                                                                                                                                                                                                Om Akhenaton:  http://kate.stange.com/egypt/akhenaten.htm

Om Nefertiti:        http://kate.stange.com/egypt/nefertiti.htm

Om Aton:             http://www.geocities.com/Athens/4903/

 Døme på gamle egyptiske tekstar som handlar om Aton:

 Frå den thebanske utgåve av Dødeboka (som bygg på den heliopoliske utgåva):

(Vi finn av  teksten at Aton her vert sett på som solas fysiske framtoning).

      Du, O Ra, skin frå himmelens horisont, og Aton vert elska når han kviler på dette fjell for å gi liv til dei to landa. Hunefer seier: Ra, Hail,

      Aton, du herre over lysets strålar - du strålar på alles liv. Nekht seier: Ra, O du vakre skapnad, du fornyar deg sjølv og gjer deg sjølv

      ung igjen i skap av Aton. Ani seier: Ra, du vender ditt andlet mot Underverda, og du får jorda til å skine som finaste kopar. Dei døde

      dreg opp til deg - dei andar inn lufta, og dei skodar ditt andlet når Aton skin i horisonten. ........- Eg har komt til deg slik at eg kan vere

      hjå deg og skode din Aton kvar dag. O, du som er i ditt egg - som lyser frå din Aton........etc.

 

Bakgrunn for Aton-revolusjonen - først Amon

 Etter at egyptarane hadde fordrive Hyksos-folket, som hadde hatt kontroll over Nedre Egypt i lange tider, vart AMON, øvsteguden i Theben,

og også  ny øvstegud for heile Egypt. Det var thebanske prinsar som hadde lukkast med å fordrive Hyksos-folket.  Kongane gav for dette store

takk-offergåver av gods og eigendom til Amon-tempelet i Theben, og rike gåver til Amon-prestane.

 Thutmose IV grov fram Ra-Hamachis

 Men etter ei tid fann kongane ut at Amon-prestane hadde blitt for mektige. Det vart meir eller mindre skjult maktkamp mellom kongane og

Amon-prestane. Som eit strategisk trekk byrja nokre av kongane å tilbe den utgåva av Solguden som vart dyrka i byen Heliopolis. Og Thutmose

IV (1392 - 1382) grov ein gammal sfinx fram frå sanden som hadde begravd sfinxen og sfinxens tempel, og gjenoppretta dyrkinga av

Ra-Harmachis. 

 Amenhotep III, Tiy og Aton

Amenhotep III (1382 - 1344), son av Thutmose IV, førte farens politikk vidare. Førstekona hans støtta truleg opp under dette.  Ho heitte Tiy, og

var datter av Iuaa og Thuau. Denne familien hadde inga tilknyting til den egyptiske kongefamilie. Tiy hadde mykje framtøk, og ho vart sjef over

alle kongens hustruer, og ho fekk også mykje makt over lands-styringa.  Somme trur Tiy kom frå landområda kring Heliopolis, og det er mykje

mulig at ho var tilbad og dyrka  guden Aton. I alle høve oppmuntra ho kongen til å ta opp Aton-dyrkinga.

 I sine tidlege regjerings-år bygde Amenhotep III eit tempel for Aton i Theben, like ved det store tempelet for Amon-Ra. Amon-prestane måtte gi

etter for kongens sterke vilje. Kort etter at han vart gift med Tiy, grov kongen ut ein innsjø i byen Tcharu - byen som Tiy hadde fått i

bryllupsgåve. Innsjøen var 2000 m lang og 300 m breid. På ein høgtidsdag vart vatnet slept inn i innsjøen, og kongen segla på innsjøen i ein båt

som bar namnet Aton-Neferu (Atons venleik). Båtens namn tyder på at Amenhotep III ville stø seg til Aton.

 Akhenaton

Amenhotep IV var son av Amenhotep III og Tiy. Han vidareførte foreldras gudsdyrking, og la seg kraftig i selen med dette. Alt frå sin tidlege

ungdom tilbad han Aton og forhata Amon-Ra.

 Amenhotep IV etterfølgde faren utan vanskar, sjølv om mora ikkje var av kongeleg ætt. I sine første regjeringsår hadde han Theben som

hovudstad, som sine forgjengarar. Det er tydeleg at mora hadde mykje makt over styringa i hans første regjeringsår. Han overheldt dei årlege

offerfestane for Amon-Ra, og var tilsynelatande ein lojal tenar for denne guddommen. Kongens namn tydde "Solas son". Men då han steig på

trona, tok han også tittelen Øvsteprest for Ra-Heru-khuti, den opphøgde ved horisonten - ved hans namn Shu som er i Aton. Dette viser at han

ville stø seg til Ra-Harmachis (ein solgud frå Heliopolis), men at han også var trekt mot Aton - dyrking av den guddommelege solskiva, som var

gamletrua i Heliopolis, og som hadde sitt eige gamle presteskap.   

 I sine tidlege regjeringsår i Theben bygde Amenhotep IV ein veldig heilagdom for Ra-Harmachis i Theben, og truleg restaurerte og påbygde han

også Aton-tempelet som faren hadde fått oppført. Og det ser ut til at han no tilbad både Amon og Aton - den første i eigenskap av konge - den

andre som privatperson. Men Amon-prestane kunne ikkje tolerere den nye guden Aton i Theben, og det vart etter kvart strid konflikt mellom

prestane og kongen. Prestane tilhøyrde dei rikaste og mektigaste familiene, men kongen fann støtte for si Aton-tru hjå dei breide folkemasser.

Desse sympatiserte med Heliopolis' gamle Aton-religion.

 Snart fann kongen ut at det var umulig å regjere frå Theben, og i hans femte regjeringsår byrja han bygge seg ein ny hovudstad på Nilens

austbreidd - nær noverande Tell-al-Almarna. Her ville han oppreise eit veldig Aton-tempel, eit konge-palass, og bustadhus for dei som tilbad

Aton.

 Striden med prestane hardna til, og Amenhotep IV hadde sjølv mykje av skulda for dette. Han flytte til sin nye hovudstad, som han kalla

Akhentaten ellerKhut-Aton (Atons Horisont). Og sjølv skifte han namn til Akhenaton. Og Horus-namnet sitt endra han frå Den opphøgde av

dobbel-fjør-krona til Mektige okse - elska av Aton. Han styrte også over tempela til guddommane Nekhbet og Wadjet, og tok tittelen Den

mektige som regjerer i Khut-Aton. Som Horus av gull titulerte han seg som Oppløftaren av Atons namn.

 

                                                                     Om Aton-dyrkinga under Akhenaton

 

Tempelet til Aton i Khut-Aton (Akhentaten) vart kalla Benben, som i Heliopolis. Obeliskens hus tyder det visst. Tempelet var stort

anlagt, men vart aldri bygd ferdig. Det inneheldt mange alter for røykoffer og mat-offer, men altera kom aldri i bruk. Atons øvsteprest

fekk tittelen Øvsteprest for Ra ar Heliopolis Ur-maau. Gudsdyrkinga gjekk føre seg som i eldre tider i Heliopolis. På bestemte dagar

deltok kongen sjølv.

 

Men medan den gamle Aton-dyrkinga var tolerant overfor andre kultar, så var Akhenatons gudsdyrking tvert imot. Aton vart dyrka

som givar av liv, og som opphavet til alt liv på denne jord. Hans symbol var solas lys og varme, som beliva og næra all skapnad.

Aton var også Solas fysiske kropp, og Aton-trua var monoteistisk - det var bare ein gud. Det fans ingen annan gud enn Aton. Alle dei

andre egyptiske gudane vart skuva bort, for Aton hadde ingenting med dei å gjere.

 

      Det er gjort forsøk på å prove at Aton-dyrkinga hadde samband med den monoteistiske gudsdyrkinga til jødane (hebrearane), og at

      Aton var ei anna utgåve av fønikarane sin gud Adon. Men dette stemmer truleg ikkje. Meir likeleg er det at Aton-dyrkinga var

      glorifisert materialisme, som måtte utgreiast av prestar som utførte seremoniar lik dei gamle soldyrkings-seremoniane i Heliopolis, og

      at dette ikkje hadde noko med Jahwe å gjere, og heller ikkje med Adon av Byblos.

 

Ingen gravtekstar eller Dødebøker nemner Aton i samband med Etterlivet. Men her er vers som Akhenaton skreiv om Aton:

 

      Ein prisings-salme til Heru-khuti Harmachis, som spring så gledeleg fram i horisonten ved sitt namn Shu som er i solskiva, og som lever

      til evig tid. Aton - den levande - den store - han som vert høgtida ved 30-års-festen - herren over Solas bane, Solas herre, Himmelens

      herre, Jordas herre, herre over Atons hus i byen Akhentaten.

      

      Ved kongen over Sør og Nord som lever i Maat, herren over dei to land, Solas son, som lever ved Maat, herren av kronene, som er i sin

      beste alder

      

      og ved hans kongelege hustru, hans kjære, dronninga over dei to land - Nefer-iti-Nefer-neferu-Aten -den levaande - den evig sterke.

      

      Oppstoda er fager i himmelens horisont

      

      Å, du Aton, som levde i opphavstidene,

      

      når du stig opp i den austlege horisont fyller du alle land med din venleik

      

      du er fager å skode, og stor, som ein krystall, og er høgt over Jorda.

      

      Dine strålar av lys omfamnar landet - og alle land du har skapt.

      

      Du er som Ra, og du bringer deg sjølv over dei alle.

      

      Og du bind dei med din kjærleik

      

      Du er fjern, men dine strålar er på Jorda.

      

      Når du går ned i den vestlege horisont er Jorda i mørke, som ein daud skapnad.

      

      Dei legg seg og søv i sine sengebol

      

      Deira hovud er overdekt - deira naseborar er tilstoppa, og ingen mann kan sjå naboen sin.

      

      Og alle gudar og all eigedom kan verte bortført frå under deira hovud utan at dei veit det.

      

      Kvar løve kjem fram frå sitt hi,

      

      og alle slags slangar bit.

      

      Natta vert svartare og svartare,

      

      og desse er hans sjeler, for han som har laga dei har sunke til kvile i sin horisont.

      

      Når du oppstig i horisonten lyser Jorda opp, og når dine strålar skin fram er det dag.

      

      Mørkret tek rømmen så snart dine strålar spring ut, og dei to landa held fest kvar dag.

      

      Menneske vaknar og står opp fordi du har vekt dei.

      

      Dei vaskar seg og kler seg i sin bunad.

      

      Over heile Jorda utfører dei sitt arbeid.

      

      Alle dyr og krøtter kviler på sine beiter,

      

      og  trea og vekstene spirer fram sine lauv og blomar.

      

      Fuglane flyg ut av reira sine, og deira venger priser Ka medan dei flyg vekk.

       

      Sauer og geiter av alle slag sprett omkring på sine bein,

      

      og fjørkledd fugl og luftas fuglar ber kjærleik fordi du har stått opp for dei

      

                              Dette var 31. vers. Salmen har 99 vers. No gir eg meg.                

 

 

Solguden Aton  sine fiendar vert ikkje nemnt - Apep, Sebau og Nak. Desse som vart knust avRa når han lyfte seg opp i den

austlege horisont. Inkje vert nemnt om Thoth og Maat som skulle kontakte han kvar dag, og Maaket-båtane og Seket-båtane

som Ra skulle segle i over Himmelen er heilt utelatne. Dei gamle Ra-mytene er ignorerte, og Aton-prestane proklamerer sin

monoteistiske guddom på ein måte som ikkje Amon-prestabne kunne tolerere. Dei sa at Aton hadde eksistert i evig tid, at han

var vakker, glorisiøs og levde i seg sjølv, og hadde  skapt Sola og Solas bane, og Himmel og Jord, og dertil alt som levde og

bar liv, og at han oppheldt liv i menneske og dyr, og fora alle skapnadar etter sine faste planar, og han bestemte varigheita til

menneske og dyrs liv.

      

Alt kjem frå Aton, og alt avheng av han. Han eksisterer til evig tid. Salmen som er sitert fortel oss mykje om korleis Akhenaton såg på sin

guddom Aton, men dei små detaljan får vi ikkje. Men det ser ut til at Aton-dyrkinga var kjenslevar, og samstundes materialistisk. Røykelse vart

brent for Aton fleire ganger dagleg, og salmar vart sunge, akompagnert av harper og andre instrument. Og folk kappast om å bringe frukter og

blomster og grønnsaker til hans alter, som aldri vart tilskvett av blod frå offerdyr.

 

I same rennet som Akhenaton befesta Aton-dyrkinga som religion for faraos hus og rikets øvste administrasjon, innførte han kulturell

revolusjon på mange hald. Vi kan mellom anna sjå det i biletkunsten - før og etter at Akhenaton hadde grunnlagt ny hovudstad og hadde

utmanøvrert Amon-prestane. I den nye hovudstad (Tell-al-Amãrinah (Amarna)) er kongen portrettert med høg og tilbaketrukken panne, diger,

spiss nase, tynn og veik munn og store, utståande kinn. Og han er uhøveleg feit over setet og låra - ser mest ut til å ha kvinnekropp. Andre

høge embetsmenn vart avbileta på liknande vis - ein må anta at Akhenaton forlangte realisme i kunsten.

 

Aton-dyrkinga var lysteleg, og omgjevnadane der ho vart utført var lyse og lystelege. Vegg-dekorasjonane i tempela var annleis enn dei gamle

egyptiske tempela, for dei var mindre alvorlege - ikkje stive og konvensjonelle. Og dei var malte i sterke fargar. Akhenaton sine tilsette

kunstnarar la bort mykje av gammal tradisjon, og utvikla ein ny design, med nye former, ny fargebruk, og revolusjonerande framstilling

avsubjekta dei skulle avbilete. Det var kun i Akhenaton si regjeringstid at egyptiske kunstnarar viste at dei forstod effektane til lys og skugge i

sine verk. .Solstrålane i kongens handflater var livets kraft, og Akhenaton elska å bli avbileta slik. Ved store høgtider utførte Akhenaton sjølv

teneste som øvsteprets for Aton.

 

 

 

 

 

 

 

Historiens vidare gang

 

 

 

I nokre få år levde Akhenaton eit lukkeleg liv i sin nye hovudstad. Han dreiv jamt på med å oppføre nye praktbygg til

utsmykking av byen, og sette opp mange storslagne skulpturar og anla mange praktfulle hageanlegg. Han delte ut generøse

gåver til sine nære medarbeidarar, og utav inskipsjonane på veggane får vi inntrykk av at livet i hovudstaden var prega av fest

og fryd, og at det lite vart tenkt på døden og Osiris' dødsrike.

 

 

 

Men Akhenaton makta ikkje (eller ville ikkje?) endre landets gravskikkar. Gravene vart innreidde og utstyrte som før.

Akhenaton let hogge eit gravanlegg i eit fjell på austsida av byen, og dette vart attfunne i 1892. Her var alt på plass, av

gjenstandar som høyrde til i eldre graver til  menn av høg rang. Dei døde var mumifisert på tradisjonell vis, og her var

gjenstandar som kunne kome praktisk til nytte i Etterlivet. Men Aton var guddommen som var avbileta og fortalt om i

inskripsjonane. Aton vart halden høgt i ære i alle Jordas riker, heiter det.

 

 

 

Akhenaton døde truleg relativt ung - han kunne knappast ha regjert så lenge som 20 år. I 10-12 år regjerte han frå Akhentaten

(Amarna). Her konsentrerte han seg om å utvikle og veletablere sin nye religion, og å utsmykke sin nye hovudstad. I medan

gjekk det dårleg rundt om i landet. Det var strid mellom dei egyptiske provinsane Syria og Palestina, og det var alvorlege

opprør mange stadar i landet. Og Amon-Ra-prestane var forbanna og venta på eit passeleg høve til å gjenninnføre den gamle

gudsdyrkinga, og innsette ein konge som ville føye seg etter dei.

 

 

 

Dei måtte vente til Akhenaton døde. Då overtok Tutankhamon trona. Han var son av Amenhotep III og ei av konkubinene

hans. Tutankhamon gifte seg med ei datter av Akhenaton. Ho heitte Ankh-s-en-pa-Aton, men endra namnet sitt til

Ankh-s-en-Amon, og både ho og Tutankhamon dyrka dei gamle gudane av Theben. Akhenaton hadde fjerna namnet Amon frå

alle vegginskripsjonar han rakk over - no reparerte Tutankhamon desse. Og han byrja oppføre nye praktbygg i Theben. Han

inngjekk semje med Amon-prestane, og flytte snart hovudstaden til Theben.

 

 

 

Då Tutankhamon gjekk bort etterfølgde Ai han på trona. Han var gift med ei prinsesse av kongehuset, som heitte Thi, og det

var gjennom ho han arva trona. Før Ai vart konge var han Aton-tilhengar, men gjekk så over til gamletrua.

 

 

 

Etter Ai's død kom ein periode med uro og anarki. Det vart kamp om kven som skulle overta trona. Vi veit lite om hendingane i

denne tida, men makta til XVIII dynasti vart knekt. Amarna vart forlatt av innbuarane - når byen ikkje lenger var hovudstad,

var det ikkje noko å ta seg til med der. Under Horemheb si regjeringstid forfall byen totalt. Folk kom og reiv ned bygningane,

for å nytte byggmateriala andre stadar. Horemheb gjekk inn for å få fjerna alle spor etter Akhenaton, og mindre enn 25 år etter

Akhenatons død var det meste gjort