Byer.
   Etter at eit par var gift, hadde dei rett til si eiga hytte, som var laga av strå og tre. Desse hyttene hadde vindauge, men dei vart bere nytta til lufting. Oppe i fjella var husa laga av stein, eller tørka leire, fordi vêrforholda var mykje hardare. Men jo høgare rank dei hadde, jo finare fekk dei lov å ha husa sine. Adelsfolket kunne ha tapet og pynt på veggane, det fekk ikkje arbeidarane lov til. Byane til Inkaene blei som oftast plasserte på høgder, eller toppar slik at dei fekk meir flatt areal til å dyrke på. Det var også ein stor fordel under krig å ligg høgt, slik at dei lettare kunna forsvare landsbyane sine. Det er funne landsbyar som låg så høgt som 4000 moh. oppe i Andesfjella, og samfunn som låg opptil 5000 moh. Inca Pachacuti, administratoren og lovgivaren, er den som laga modellen og byplanlegginga. Alle store byar i Inkariket er bygd etter den modellen, som hadde eit stort senter i midten, der festar og seremoniar blei haldt. Byane kunne bli ganske store, og vi reknar med at Cuzco, hovudstaden, hadde opptil 200,000 inbyggjarar. Inkaene er kjent for sine utrolige evner til å slipe og behandle stein. Dei klarte å slipe og tilpasse steinar på millimeteren, som vart brukt til større bygg. Det er gjort med så stor presisjon, at du ikkje klarer å få eit knivblad inn i sprekkene. Inkaene laga til steinar som kunne vege mange tonn, som vart flytta over lange distansar utan hjelp av hjul. Sidan ikkje Inkaene hadde, eller brukte hjul, tok dei i bruk slavekraft og diverse teknikkar for å få på plass dei største steinane. Eit utroleg arbeid. Det var berre spesielle hus og tempel som vart laga med dei beste steinane og presisjon, men det fleste husa var heilt tette for regnet.
Sidan området i Sør-Amerika ofte er ramma av jordskjelv, ca kvart 50’ande år, bygde Inkaene husa sine med veggar som gjekk 15 grader innover, slik at husa tålte jordskjelva, utan større skade.