Conquistadorene.
   Dei indianske høgkulturane møtte sine banemenn i conquistadorane. Dette var dei spanske erobrarane som ble lokka til Amerika av eventyrlyst og for å finne sølv, gull og jord. Den katolske kyrkja sendte med dei prestar som skulle omvende indianarane. Resultatet blei ein voldsam kollisjon mellom to heilt ulike verder.
Dei to mest kjende conquistadorane er Hernàn Cortès og Francisco Pizarro. Dei erobra kvart sitt imperium.
Pizarro erobrar inkariket.
   Pizarro gjekk i land med 177 mann i Peru i 1532. Han blei helsa velkommen av Huascar sine tilhengjarar, men Atahualpa tok ikkje saka så alvorleg. Han gjekk med på å møte Pizarro i Cajamarca, for han var trygg, på grunn av si talmessige overlegenhet. Men spanjolane la seg i bakhald, sikra seg inkafyrsten, og haldt han som gissel. Dei kravde ein enorm sum for å sleppe han fri. Inkafolket kom med alle sine gullskattar, som spanjolane smelta om til gullbarrar. Atahualpa hadde i hemmelighet gitt ordre om at Huascar skulle drepast, og under påskot av dette kunne forårsake ei folkereisning. Spanjolane dømde Inkaen til å bli brent på bålet. Men ettersom Atahualpa lat seg døype, blei han "benåda" ved kveling.
Katastrofe og nyordning.
   Då inkafyrsten var borte gjekk disiplinen i oppløysning i hæren og byråkratiet opphøyrde å fungere. Likevel gjekk det nokre år før spanjolane klarte å få kontroll over landet. Dette var mest på grunn av at Pizarro ikkje var noen leiar av Cortès sitt format, noko som førte til innbyrdes tvistar. Inkariket førte ein skuggetilværing på austsida av Andesfjella i ytterlegare førti år. ”Inga nåde var nødvendig overfor heidningar og den spanske krona sine fiendar.” Spanjolane massakrerte ved fleire tilfelle sine motstandarar, også då Cuzco blei inntatt.
Spanjolane blei ikkje lenger kalla for gudar. Aztekarane såg på dei som popolocas eller barbarar, og var forbløffa over deira griskheit. Dei leita etter gull som griser som rotar rundt i bakken etter nøtter. I tillegg kom religiøs undertrykking. Alt som hadde samanheng med den gamle gudetrua skulle øydelagt og fjerna, noko som blant anna resulterte i at alle mayatekster unntatt tre har gått tapt. Mange indianarar blei drepne med våpen, og mange fleire døde av koppar. For at conquistadorane ikkje skulle begynne å styre og stelle på eiga hand blei erobringane snart gjort til koloniar under ein visekonge og med ein forvaltningsdomstol, audiencia, under krona.