Cuzco.

Grunnlegginga av Cuzco.
   Det vert fortalt mange versjonar av historia om dei første Inkaene og korleis dei grunnla hovudstaden deira Cuzco . Mange av historiene bygger på dei same prinsippa, men er ellers svær ulike. Grunnen til denne ulikskapen er at Inkaene ikkje hadde eit skriftspråk, i staden for bokstavar og teikn i meldingar brukte dei eit system så heitte quipus som var eit system av knutar på snorer av ulik lengde og farge. Desse meldingane blei først og fremst brukt til å uttrykkje mengder - lagerbehaldning i eit magasin, skatteinnbetalingar, militær stryke og liknande.
Men dette systemet egna seg berre til å uttrykkje mengder, ein kunne med andre ord ikkje bruke dette systemet til å skrive ned historia til inkaene. Derfor blei desse historiene fortalt frå ein generasjon til neste o.s.b. og når historier blir fortalt på denne måten frå generasjon til generasjon i nokre hundre år, så har historier veldig lett for å forandre seg… Det finnast altså ingen skriftlege opptegnelsar frå før spanjolane kom på 1500-tallet.
Men ein ting har alle historiene til felles, dei er alle einige om at namnet på skaparen av Inka riket var Manco Capac. Manco Capac var og den første herskaren over Inkaene. Ein kan dele opphavs historiene til Inkaene opp i to grupper; Dei der det blir sagt at Manco Capac kom frå Pacariqtambo hola ("pacariq" tyder "daggry" eller "opphav", "tambo" som tyder "plass for losji"), og dei der det blir sagt at Manco Capac kjem frå innsjøen Titicaca. Men i dei historiene der det blir sagt at Manco Capac kjem frå innsjøen Titicaca, spelar Pacariqtambo ( den andre opphavsplassen) ein viktig rolle i historia. Fire brødre, Ayar Manco, Ayar Auca, Ayar Cachi og Ayar Uchu og deira fire søstre Mama Ocllo, Mama Huaco, Mama Cura og Mama Rawa. Kom fram frå ei hole i fjellet Tambo Toco. Denne hole staden, som ligg sør av Cuzco på Pacariqtambo, hadde tre vindu. Frå det midterste vindauget kom Ayar Manco og hans søken fram, og frå dei to andre vindauga kom folka som seinare fant dei 10 ayllus frå Cuzco fram. Ayar Manco og følgjet hans vandra i åre vis. Det vert sagt at under denne turen hendte mange forskjellige ting. Blant anna skal ein av brødrene til Ayar Manco blitt stengt inne i hola på Pacariqtambo, og dei to andre brørne hans skal ha blitt gjort om til stein. Under vegs skal Ayar Manco og kona hans Mama Ocllo ( som forøvrig også var søstera hans…) fått ein son i lag. Sonen fekk namnet Sinchi Roca. Følgjet kom til slutt fram til dalen der byen Cuzco låg. Her fekk dei eit teikn frå sola. Dei forstod med ein gong at dette var plassen der sol guden ville at dei skulle busette seg, og det gjorde dei. I dalen budde det allereie folk, men fordi inkaene var svært intelligente og overlegne når det gjaldt kultur. Fekk dei ikkje berre lov til å busette seg i dalen, dei fekk og lov til å ta over kontrollen av dalen og dei som budde der. Ayar Manco skifta namn til Manco Capac og vart herskar over Cuzco og dei som budde der. Då Manco Capac døydde, blei han gjort til stein på den plassen der Inkaene seinare bygde sol tempelet sitt. Dette var den meste kjente av historiene som hevdar at Manco Capac kom frå Pacariqtambo hola. No kjem ein annan versjon av historia om opphavet til Inkaene og Manco Capac, men i denne versjonen vil det bli hevda at Manco Capac kom frå innsjøen Titicaca. Manco Capac og hans søsken ( tre brødre + Manco og fire søster ) "kom til verda" i innsjøen Titicaca. Dei blei sendt derifrå av faren deira, sola, for å grunnleggje byen Cuzco. Manco Capac fekk ein gyllen stokk av sola, som han skulle stikke jorda på kvar plass dei tok ein pause; når stokken gjekk heilt ned i jorda, ville det være teikn på at dei var komen til den riktige plassen. Dei gjekk på leiting etter ein slik plass i mange år. Dei var og innom Pacariqtambo på vegen men heller ikkje her gjekk stokken heilt ned i jorda. Men til slutt då dei ankom den fruktbare dalen der Cuzo låg, gjekk stokken heilt ned i jorda. Her grunnla dei kongeriket deira. Namnet Cuzco har to tydingar, Det eine er "hovudstad" og det andre er "byen av stein". Dersom du slår to steinar mot kvarandre kan du med litt godvilje høyre lyden "kåsskå" som er den riktige uttalen Quechua som var inka Folket sitt språk. Framleis er det mange indianarar som snakkar dette språket. Etter Manco Capac fulgte det seks inkaer som vi eigentleg veit ganske lite om. Grunnen til at vi veit så lite om denne perioden er som nemnd tidlegare i teksten at Inkaene ikkje hadde noko skrift språk, og derfor blei historia deira aldri nedskriven.