Hapi  - Nilens elvegud.

   HAPI var en av de viktigste guddommene, ved siden av ni-guds-gruppen bestånde av Ra og hans barn og barnebarn. I før-dynastisk tid var trolig OSIRIS en elvegud, eller gud for alt vann. Med tiden ble han identifisert med HAPI - Nilens guddom. Når dette skjedde vet vi ikke, men mange antikke tekster viser at så har skjedd. HAPI er et svært gammelt navn på Nilen og Nil-guden, ble trulig brukt av Egypts innbyggere i førdynastisk tid.I Unas tekst (linje 187)finn vi:

    Vær på vakt, du sendebud fra Qa -vær på vakt, de som har lagt dere til  å hvile, våkn opp de som er i Kenset. Å,de gamle, Setaas Ur, du store redsel som kommer fra Hep-Ap-uat, du som kommer fra Asert-treet. Unas munn er ren. Det er viktig å merke seg at Hep ble nevnt i tilknytning til Kenset - første navnet på Egypt, som dengang rommet Første Katarakt med øya Elefantine; Sahel, Philae, Senmut mm. Dette viser at så tidlig som i femte dynasti var Nil-guden Hep og veiåpneren AP-UAT knyttet til stedene som Nilen etter gammel tradisjon startet sin flom. Gravteksten fortel at Unas skal ha måltid i underverda, og at han skal bu på Dei Elyseiske Markar (Sekhet-Aaru).Nil-guden og Ap-uat vart oppmoda om å sende elvevatn frå Kenset, slik at det kunne dyrkast rikeleg med korn for kongen på

De Elyseiske Marker.

   Lenger uti Unas gravtekst (linje 431), vert Heps øydeleggjande makt omtala. Det vert sagt at husa til dei som vil stele kongens mat skal gjevast til tjuvar(?), og deira åkrar til Store Hep. Hep (Hapi) vert alltid avbileta som ein mann, men med kvinnebryst - brysta for å illustrere fræve-krafta og velnæringa som guddommen bar i seg. Då egyptarane delte sitt land i to - Nord og Sør - delte dei også elva i eit nordleg og eit sørleg laup. Og av dette framkom to guddommar - Gud for den sørlege Nil, og Gud for den nordlege Nil. I Sør-riket ansåg dei Nilen å byrje

ved Første Katarakt, i Querti (To Grotter), og ende like nordom vår tids Asyut.  Sør-Nilens gud hadde eit knippe lotus-planter på hovudet. Nord-Nilens gud var knytt til papyrus-sivet. Sør-Nilens gud vart kalla HAP-METH, og Nord-Nilens gud vart kalla HAP-RESET. Når desse to vert avbileta som ein, held guden både papyrus og lotus i hendene - desse plantene som symboliserte dei to Niler.

 Ein grav-illustrasjon viser dei to Nil-gudane knyte ihop lotus og papyrus i ein knute - dette var emblemet for dei to sameinte rika. I forenkla form var knute-emblemet skore inn i sidene på kongens trone - dette frå ganske tidlege tider, for å vise at eingong var trona til Nord og Sør sameina, og at den som sat på trona hadde kongsmakta over både Øvre Egypt og Nedre Egypt.

 Då Hapi fekk ord på seg å vere ein av dei største av Egypts guddommar, vart han snarleg identifisert med ur-guddommane frå kapings-tida. Til slutt var han ikkje bare universets skapar, men også opphavet til altet og alt som er altet ibuande.

 Tidleg fekk Hapi attributtane til NU - ur-vassmassene som RA, sol-guden steig ut av på skapingas første dag. Av dette vart Hapi far til alt levande og alle ting - alt var formgjeve og tillaga av Hapi.

 Tenkjande på kva Nilen betydde for Egypt og egyptarane, er det lett å skjøne at Nil-guden måtte få ein unik posisjon mellom landets gudar -at Hapi kunne få posisjon lik, om ikkje større, enn sjølvaste RA.

 Solguden Ra brakte lys og varme - liv til planter, dyr og menneskje, men også undergang. Ra sine vandringar på himmelen var velkjende, men Hapi var meir mystisk - uførseieleg. I gamletida visste ikkje egyptarane kvar Nil-flaumen kom frå - dei trudde at vassmassene kom strøymande ut av jorda mellom to fjell som låg mellom øyane Elefantine og Philae, men dei skjøna ikkje kva som årsaka flaumen - dette var eit mysterium.

 Den djupe respekt og ovundring som egyptarane kjende for Nilen, kan vi lese frå eit papyrus frå XVIII eller XIX dynasti. Der heiter det:

 

          Hylling til deg, O Hapi - du kjem til vårt land, og du kjem i fred for å gi liv til Egypt. Du er Vatnaren

          (Frævaren) til åkrane som Ra har skapt - du gir liv til alle dyr - du let heile landet få drikke utstoppeleg

          når du stig ned frå himmelen. Du er venn av brødet og TCHABU (kornguden). Du fiske-gud - når

          flaumen går tilbake, skal ikkje vassfuglar slå seg ned på åkrane som er sådde med kveite. Du er skapar av

          byggkornet - du er far for dei fattige og trengande. Om du miste makta i himmelen, ville gudar falle til

          jorda og menneskja forkome. Hapi, du let kveget få jorda til beite, medan prinsar og bønder legg seg til

          kvile. Du er som KHENSU. Når du skin på jorda høyrest rop av glede, for alle menneskje gler seg, og

          kvar mektig mann får den mat han treng - di makt gir kjøt og drikke - du er skapar av alle ting - herre for

          guddommeleg kjøt - du gir groe til kvegets beiter, og du tek vare på det som er for alle gudar heilagt.

 

          Beste røykelse skal fylgje deg. Du er guddom over dei to riker. Du fyller lagerbygga - og lesser høgt i

          kornkamra. Du bryr deg om dei fattige og trengande - du let grøda gro til alles velnøgd. Og ikkje veiknar

          du ved dette. Din styrke er menneskjas vern.

 Det som så følgjer i teksten er særleg interessant - det viser korleis forfattaren kjenner det håplaust å prøve skildre Nilens mektige og mystiske gud:

 

          Han kan ikkje formast i stein - ikkje ser vi han i bileta av den som set kruna på kongane av Sør og Nord -

          ikkje kan vi gi han kunstgåver eller slaktoffer. Ikkje kan han hentast frå sin løynde bustad, for denne

          bustaden må ingen vite om. Ikkje finn vi han i inskriberte heilags-skrin - inkje rom er store nok til å

          romme han - du kan ikkje tenkje deg hans utsjånad. Hans namn i TUAT er ukjendt - guden viser oss ikkje

          sin utsjånad - verknadslause er teikningar som freistar biletgjere han.

Av dette kan vi lese at egyptarane heldt Hapi i særskild ære, og at han tydeleg vart sett på som "Alle gudars Far" og "All-skapar", og at tilnamnet "Livgjevar" høvde særskildt til han.

 Ein må merkje seg at i sein-dynastisk tid vart Hapi identifisert med OSIRIS, OSIRIS-APIS eller SERAPIS - då alle

heilagdomar vart kalla Serapeum. Då var Hapi inkludert i guddoms-eininga. I mange yngre tekstar kan vi lese at den årlege festen for flaumen i Nilen vart feira med stor høgtid over heile Egypt, og at statuer av Nil-guden vart frakta gjennom byar og landsbyar slik at alle kunne ære han og be til han.

 Når flaumen var på sitt høgste, vart tilhøyrande seremoniar gjennomført med stor prakt, og alle klasser feira høgtid. Denne gamle egyptiske festival har sitt motstykkje hjå muhammedanarane, som 17. juni har ein fest som heiter "Lelet al-Nukta" (Dråpens natt). Trua er at denne natta fell ein mirakel-dråpe frå Himmelen i Nilen, og får elva til å fløyme.

 At Osiris vart identifisert med Hapi, førte til at ISIS vart Hapis hustru. Men i gammal tid hadde Hapi andre gudinner til systre og koner. I Sør-riket var Hapis kone NEKHEBET, men denne gudinna vart ei utgåve av Isis, seinare i dynastisk tid, uansett kva ho stod for i førdynastisk tid.

 I Nord-riket ser det ut til at den gamle gudinna UATCH-URA tilsvara Nekhebet i Sør. Men Hapi vart også identifisert med NU, den store ur-malstraumen som alt sprang ut frå. Då måtte hans kone vere NUT, eller ein av Nuts mange avleiingar. Eldsteform av denne gudinna var truleg MUT (MUTT) (MAUIT), som er nemnd i Unas gravtekst (linje 181). I teksten vert den avdøde konge identifisert med Hapi, Nil-guden, og såleis sett på som ektemann til Nil-gudinnene i Nord og Sør. Det heiter:

 

          O Ra, ver du Unas gud i dag som i går. Unas er blitt ekta til gudinna MUT, og han har pusta inn ISIS

          ande - han er blitt ekta til gudinna NEKHEBET, og han har vore ektemann til "Den fagre".

 Denne teksten viser at dei gamle gudinnene Mut og Nekhebet vart identifisert med Isis lenge før pyramide-tekstane vart nedskrivne.