Hathor.

   Gudinna Hathor vart symbolisert med ei ku. Med tida fekk ho delvis menneskekropp.

Kyr vart ofra til ho. Det mindre templet, som Ramses II bygde i Abü Simbel, var m.a. tileigna Hathor, og ho hadde eit viktig tempel i Dendera.  Hathor var Ra's datter, og ho vart kalla "Ra's auge". Ho var mellom anna gudinne for latter.Hathor var ein av dei viktigaste guddommane, ved sidan av ni-guds-gruppa RA og hans barn og barnebarn. I seinare egyptisk historie vart ho stundom samrøra med himmelgudinna NUT, m.a. i byen Het-Sershesh.

Det er fortalt om eit land kalla Yamu som låg sør for Egypt - at dronninga der kalla seg Hathor. Hathor var nok av dei eldre gudane - eldre enn himmelgudane OSIRIS, ATON og RA - ei fræve-gudinne frå tida før Egypt vart regjert av stor-kongar.Og det fans folk utanfor Egypts grenser som tilhøyrde same religiøse tradisjon som egyptarane.

Hathor var universets store ku. Ho vart påkalla ved fødslar. Hennar livmor verna om guden HORUS - ja, namnet hennar tyder "Horus Hus". Ho vart ofte avbileta som ei kvinne med parykk  med ei krone av kuhorn og med sola på hovudet. Også vart ho framstilt som ei stolt og vill ku, eller som ei søyle med menneske-andlet, parykk og ku-øyrer. Liksom ISIS vart ho ofte nemnt som Mor til Faraoane", og såleis vart ho knytt til fødselsretten og retten til å regjere.Hathor var gudinne for kjærleik, venleik, lagnad og musikk Grekarane samanlikna ho med Afrodite.

Hieroglyfen til Hathor viser eit kuhorn med ei sol i midten. Hennar fargar var djup orange, lys raud og fersken. Dette er fargane til stjernebiletet Tyren i europeisk astrologi. Europeisk astrologi har arva mykje frå gammal egyptisk tradisjon.

Hundestjernen.

   Frå lang tid tilbake har egyptiske prestar brukt stjerna Sirius for å bestemme tidspunktet for Nil-flaumen. Flaumen kom på den tid av året då Sirius viste seg på aust-himmelen før soloppgang, for første gang, (juli-august).

Hathor-templet i Dendera var bygd slik at det kunne brukast som instrument til å bestemme dette tidspunktet på året. Nokre spesielle prestar - kalla tauspennarane - hadde i oppdrag ved oppmåling av eit nytt tempelet-anlegg å spenne ut nokre tau,som skulle vise retninga mot staden den Sirius først viste seg på morgonhimmelen. Tempelbygget vart orientert mot dette punkt,slik at når Sirius viste seg første gang, så strålte stjernelyset gjennom ein trang passasje, og lyste opp ei statue av Hathor (eller annan guddom) som var plassert djupt inne i eit mørkt tempelrom.

   I ein inskripsjon i Hathor-tempelet i Dendera heiter det: Himmelens herskarinne har bestråla sin bustad og sameina segmed sitt gudinnebilete. Fryderop høyres frå Edfu. Med jubel går dansen i Dendera. Lovsang stig mot himmelen frå Memfis.Når Sirius viste seg som morgonstjerne, byrja også heitaste tida på året. Sidan Sirius var største stjerna i stjernebiletet Store 5Hund, vart ho kalla Hundestjerna, og den heitaste tida på året vart kalla hundedagane. (Varte ca. ein månad).