Inkaen - solens sønn.
   Inkaen ble sett på som solens sønn og var hersker over alt i Inka riket. Inkaen hadde all makt i Inka riket. Han hadde jo sine rådgivere som kunne hjelpe han, men bare inkaen sine ord var lov.
Når inkaen var ute og reiste blei han frakta i bærestol… For å "sjå til" riket sitt tok Inkaen regelmessige reiser rundt i riket sitt, men inkaene hadde også utvikla eit genialt beskjed system slik at Inkaen og alle dei andre viktige personane slapp å reise rundt for å hendte informasjon. Dette systemet fungerte på den måten at langs vegane i Inka Riket låg det mange chucllar ( små hytter ) der det budde to chasquis ( bodbringarar ) , ein som sov og ein som sat klar og venta på meldingar. Når det då kom eit bod med ein melding, sprang bodbringarane mellom desse
 små hyttene med beskjeden, nesten som i ein stafett. Bodbringarane sprang sjeldant meir enn 2 km, og med dette systemet kunne ein melding bli frakta 400 km kvar dag! Men sidan inkaene ikkje hadde eit skriftspråk blei meldingane overført ved hjelp av quipus, eit system av knutar på snorer av ulik lengde og farge. Desse meldingane blei først og fremst brukt til å uttrykkje mengder - lagerbehaldning i eit magasin, skatteinnbetalingar, militær stryke og liknande. Inkaene hadde og eit effektivt administrasjonssystem, men det var sårbart fordi Inkaen var åleine om å delegere oppgåver, uten han ville alle ledda nedover paralyserast. Under Inkaen var det fire visekongar, ein for kvart hjørne av imperiet. Dei fleste av dei viktige stillingane i Inka riket var det familien til Inkaen som hadde, helst då søner med konkubiner som ikkje hadde krav på soltrona. Under desse var det teneste menn som var ansvarleg for skatteinnkreving og andre administrative oppgåver. Det var derfor lett for spanjolane å overta og styre riket, for så snart som dei hadde fjerna inkaen var alle ledd handlingslamma. Dei som var Inka i inka riket kunne ha forskjellige titlar, eksempel på desse titlane er "Sapa Inca", "Caoac Apu" og "Intrip Cori". I staden for å ha ei krone som ein hovudet (slik som kongar har i dag) bar Inkaen ein frynse på midtpunktet av "hodepynten" deira, dette symboliserte statusen deira. Det er viktig og hugse på at tittelen "Inka" ikkje berre gjaldt leiaren, men også dei menneska som busette seg i Cuzco på same tid som Manco Capac; desse menneska var alle født som "inka". Andre menneske som budde rundt Cuzco på den tida fekk tittelen "Inkaer ved privilegium". Men andre som budde i områder som Inkaene kontrollerte fekk derimot ikkje status som "inka".
Som dei blei sagt i historiene over var Manco Capac grunnleggjaren av Inka riket. Etter hans død regjerte ti andre <<leiarar>> før spanjolane kom på 1500-tallet. Her er ei liste over desse <<leiarane>> i riktig rekkefølgje pluss litt informasjon om kva dei har gjort : I Manco Capac Grunnleggjaren av inka riket II Sinchi Roca Var den første Inkaen som brukte mascapaicha ( hodepynt / krone) III Lloque Yupanqui Erobra territorium frå nabolanda IV Mayta Capac Er kjent for hans ekstreme styrke; han planla blant anna Inkaene sitt første større angrep, på Condesuyos. Men han døydde før han fekk gjennomført angrepet. V Capac Yupaniqui I hans regjeringstid vart Inka riket angrepet av Condesuyos, men han klarte slå angrepet tilbake. Capac erobra også nytt land. Han blei myrda av Inca Rocas menn VI Inca Roca Myrda dei som holt med Capac Yupanique. Ga blaffen i Sol tempelet, og bygde sitt eige palass i Hana Cuzco. VII Yahuar Huacac Blei kidnappa som unge av Ayarmacane; legenda seier at han grein tårer av blod, og at dette skremte kidnapparane så mykje at dei leverte han tilbake til Cuzco. Yahuar Huacac blei myrda av Condesuyos. VIII Viracocha Inca Flykta I lag med sonen til fortet Caquia Xaquixahuana då Cuzco blei invadert. IX Pachacuti Inca Yupanqui (1438 - 1471 ) var eit politisk geni. Det var Pachacuti som forvandla det vesle inka riket til eit stor slått imperium. X Topa Inca Yupanqui ( 1471-1493 ) var eit militært geni. Han oppfylte dei fleste draumane til faren og dobla storleiken på inka riket. XI Huayna Capac Slo tilbake opprør i Chile, Tucuman, Chacnorth og i Yunga.