Isis.

   Gudinnen Isis, datter av jordguden Geb og himmelgudinnen Nut; hadde systra NEPTHYS og brørne SETH og OSIRIS.
Ho vart gift med bror sin Osiris. Dei to fekk sonen HORUS. Då Osiris' bror Seth hadde drept Osiris og spreidd kroppdelanehans over heile landet, samla Isis delane saman og balsamerte dei, med hjelp frå guden ANUBIS, slik at Osiris livna opp att.Osiris vart etter dette herre i det hinsidige.Det var årleg minnedag for Isis.
Isis vart dyrka over heile Egypt, men var særskilt høgakta i spesielle byar, noko som følgjande av Isis' kallenamn viser: Denstore frue, Gude-mora, Re-a-nefers frue, Isis-Nebuut, Frue av Sekhet, Frue av Besitet, Isis i Per Pakht, Frua avMesen, Isis av Ta-at-nephet, Isis borgar av Netru, Isis frue av Hebet, Isis i P-she-Hert, Isis frue av Khebt,
Usert-Isia, Livgivar, Frue av Abaton, Frue av Philae, Frue for landa i sør, etc.
Her er ei liste over namn og titlar som vart brukt på Isis:
I Theben:Usert Ament
I Heliopolis:Aat Menhet
I Memphis:Menkhet Renpet
I Coptos:Gude-mor
I Letopolis:Hert
I Abydos:Sept
I Behutet:Hetet
I Nekhen Hurt
I Hermontis:Thenenet
I Dendera:Ant
I Hermopolis:Sesheta
I Hibui:Heqet
I Hipponus:Uatchit
I Herakleopis:Mersekhen
I Crocodilopolis:Renpet
I Arsinoe:Neb-tept
I Afroditopolis:That
I Bubastis:Shetat
   Dessuten var tittelen Hent = "dronning" knyttet til mange av hennes navn. Ho vart også kalla "Den guddommelege", "Deneinaste", "Den største av gudar og gudinner", "Dronning over alle gudar", "Den kvinnelege Ra", "Den kvinnelege Horus", "Ra'sauge", "Ra-Heru's krone", "Årets opnar", "Frue av det nye år", "Soloppgangs-makar", "Himmelens frue", "Himmelens lys-givar","Nordavindens frue", "Jordas dronning", "Den allermektigaste", "Dronning av Sør og Nord", "Frue av den faste jord", "Frue foreld og varme", "Tuat's velgjerar", "Den mest frykta i Tuat", "Gude-mora", "Gude-mora av Heru-ka-nekht", "Mor til Horus avgull", "Livets frue", "Frue av den grøne avling", "Den grøne gudinne (Uatchet)", "Brød-frua", "Øl-frua", "Overflodets frue", "Frue for glede og lykke", "Kjærleikens frue", "Gudemakaren", "Frue av det store hus", "Frue av eldens hus", "Den vakregudinne", "Frue med maktfulle ord", Frua med skyttelen", Datter av Seb", "Datter av Neb-er-tcher", "Nuts barn", "Ra's kone","Kona til avgrunnens konge", "Kona til flaumens konge", "Nilens skaparinne".
   Frå mange inskripsjonar får vi vite at Isis hadde store kunnskapar om magi, og mange eksempel på korleis ho brukte sinemagiske evner er godt kjende. Då ho ville få Ra til å røpe sitt mest hemmelege namn, laga ho ei giftig øgle av støv og Ra's spytt,og ved å ganne med magiske ord over denne, fekk ho øgla til å bite Ra då han kom forbi. Ved dødens rand sa Ra detløyndomsfulle namnet sitt, og Isis sa då fram ord som hadde makt i seg til trekke gifta ut av Ra, og han vart frisk att.
Ikkje bare kunne Isis sjølv ganne med magiske ord - ho kunne også seie dei til vesen og gjenstandar, og den/det som høyrdeorda måtte utføre oppdraget som låg i orda.Egyptarane trudde at magiske ord hadde størst kraft om dei vart framsagt i eit spesielt stemmeleie, i eit spesielt tempo, og på eiviss tid på døgeret, med tilhøyrande fakter og seremoniar.
I ei hymne til Osiris vert det sagt at Isis er dugande til å bruke magiske ord, og at det var ved bruk av slike ho brakteektemannen tilbake til livet og fekk ein arving med han. Det er ikkje kjent kva ord ho nytta ved dette høve, men det ser ut til atho har fått dei frå THOT, som var gud for heilage ord, og det var hos han ho søkte hjelp for å berge livet til HORUS etter hanvar stukken til døden av ein skorpion.
I den thebanske utgåva av Dødeboka er eit kapittel CLVI som var utforma med formål å gi den avdøde noko av Isis' magiskekraft. Det er meininga at kapitlet skal lesast over ein amulett som vert kalla thet. Amuletten er laga av karnelin, og skullesøkkjast i vatn med ankhami-blomster, og setjast på ein sokkel av morbærtre. Dersom amuletten så vart lagt om halsen på einavdød, ville den setje den avdøde under vern av Isis' magiske ord. Han ville då vere i stand til å gå kvar han ville i underverda.
Slik lyder orda i Dødeboka: "Lat Isis' blod og Isis' magiske ånd vere mektige i å beskytte og tryggje denne store gud (denavdøde), og til å vakta han mot den som vil gjere noko avskyeleg mot han."
Isis' symbol på himmelen var stjerna Sept (Sirius), som var høgt elska, ikkje bare fordi ho markerte byrjinga på eit nytt år, menho varsla også at flaumen i Nilen skulle kome. Flaumen gav ny makt og rikdom til landet. Såleis var Isis sett på som Osiris'samarbeidspartnar når det gjaldt å gi liv og grøde. Osiris' sjel hadde tilhald i stjernebiletet Sah (Orion). Isis hadde fått æren forå ha drept utysket Apep (sjå SETH), ved hjelp av sine magiske ord.
Som lys-givar om våren vart Isis kalla Khut - som mektig jord-gudinne var namnet hennar Usert - som storgudinne avunderverda var namnet hennar Thenenet - som krafta som fløymde Nilen vart ho kalla Sati - som åkranes fruktbarheitsgudinnevart ho kalla Anqet - som livgjevar vart ho kalla Ankhet - som gudinne for jord- og hagebruk vart ho kalla Sekhet - somgudinne for innhausting vart ho kalla Renenet - som gudinne for mat som vart ofra til gudane vart ho kalla Tcheft, og budde itemplet i Tchefau - og som storfrue i Underverda som hjalp til med å flytte sjelene til dei velsigna avdøde til den nye lekamendei skulle bruke i Osiris' rike, var namnet hennar Ament (den gøymde gudinna).
Som liv-givar skaffa Isis (i samarbeid med Osiris) mat til både levande og døde. Under namnet Alment vart ho også sett påsom mor til RA. Ganske tidleg i egyptisk historie hadde Isis fått attributtane til alle dei store primitive gudinnene og til alle lokalegudinner, så som NEKHEBET, UATCHET, NET, BAST, HATHOR, etc, og ho vart endåtil identifisert med vatnetsurkjelde som alt liv sprang ut ifrå. Det er i det heile uråd å ramse opp alle Isis' attributtar - ho var gudinne for vatn, jord, korn,stjerner, Underverda - ho var kvinne - i henne var samla ein eller fleire av attributtane til alle gudinnene vi kjenner frå gamleEgypt.
I Egypts seinare historie hevda prestane i byen Dendera at Nut hadde sin heimstad i denne byen. På tempelveggane skreiv deiat ISIS fødestad var her, i templets fødekammer. Her fødte Nut eit mørkhuda barn som ho kalla Khnemet-Ankhet(Kjærleikens Dronning). Då Nut såg barnet, uttalte ho "As....(sjå......eg er blitt di mor). Dette var opphav til namnet AST forISIS.
ISIS-DYRKING UNDER HELLENISMEN
Grekarane identifiserte Isis med gudinna Demeter. I byen Eleusis nær Aten oppstod ein Demeter-kult 700- 500
fvt. I hellenistisk tid- 300 fvt. - 300 evt., fekk Isis plass som guddom i denne kulten, som utbreidde seg i landa
omkring Middelhavet. Det var ein mysterie-religion. Dei som ville verte innvidde i mysteria til Isis, måtte vente påhennar kall. Kallet kom oftast gjennom draumar. Novisene som skulle verte innvidde heldt til i templa, deltok i
daglege tempel-rituale, og var underlagt streng diett medan dei førebudde seg til innviinga. Når innviings-draumen
kom, var ein prest klar til å hjelpe novisen gjennom innviinga.Dei innvidde var underlagt streng teieplikt om rituala og mysteria.Til ToppenTilbake.   Til Egypt.