Khnemu.
   Khnemu vart avbileta som ein vær. Med tida fekk han delvis menneskekropp.Khnemu var ein av dei viktigaste egyptiske guddommane, ved sidan av ni-guds-gruppa beståande av RA og hans barn ogbarnebarn. Han er nemnt i mange gravtekstar, og biletet desse gir av han er svært mangfaldig og innvikla.
Vi kjenner Khnemu i 3 - 4 hovud-utgåver:
   I strøka omkring Elefantine - ved 1. katarakt i Øvre Egypt, var Khnemu ein av dei viktigaste gudane - ein av dei 3 gudane itriaden: KHNEMU/SATET/ANQET. Satet var Khnemu sin kvinnelege motpart. Anqet var ei lokal, nubisk gudinne.Andre stader i riket kunne tilhøva vere annleis - Khnemu tilhøyrte ein annan triade, eller hadde ein meir solitær rolle. Khnemuvar gammal - frå dei eldste tider vi kjenner av egyptisk historie. Han endra mytologisk innhald og skap gjennom århundra. Vartavbileta som ein flathorna vær (sauebukk). Dette husdyret vart tidleg innført til Egypt frå aust. I inskripsjonar frå XII dynasti erKhnemu avbileta som ein vær med manns-kropp. I hendene held han gjerne eit septer og symbolet for liv - eit kors-merkemed ein sirkel på den kors-arma som vender opp. Han ber Den Kvite Kruna. Til den kan vere festa fjør, solskiva (uraei), etc.
Ein gong var han avbileta med hauke-hovud - det skulle tyde på at han vart sett på som ein Himmelgud. I andrehøve vart hanavbileta som ein vass-gud, med vatn som renn frå hans utstrekte hender, og gjerne vart ein vass-mugge plassert over hornahans. Khnemu si første rolle som guddom, var truleg å vere Den personifiserte Nilen, med sine årvisse flaumar.Namnet Khnemu/Khnum tyder "å setje saman/bygge/foreine". Han var konstruktør av himmel og jord - han var byggmeisterenmellom gudar og menneske. Elefantine -øya var hovudsete for ein Khnemu-kult. Prestane her fortalde at Khnemu la detførste egget, som Sola sprang ut av. Khnemu skapte gudane, og forma dei første menneska på ei pottemakar-dreieskive.Sidan var det han som heldt liv i menneska - han dreide og dreide på skiva. I ein inskripsjon vert Khnemu kalla: Menneskas skaparGudanes skaparStore Far som var i byrjingaSkapar av ting som erSkapar av ting som skal verteKhnemu-Ra - krafta i alle tingFar til fedre - mor til mødreFar til gudar og gudinners fedreHerre over alt han har skaptHimmelen og Jordas skaparSkapar av vatn, fjell, ...(osv)Han som lyfte Himmelen opp på sine fire pillarar
I Khnemu av Elefantine var fire gudar sameina - RA, SHU, GEB, OSIRIS, og derfor kunne han verte avbileta som ein
manns-kropp med fire vær-hovud. Som eit slikt fire-hovuda "troll" symboliserte Khnemu den store skapar-krafta frå tidasbyrjing.. Somme forskarar hevdar at dei fire også symboliserer dei fire elementa - eld, luft. jord, vatn, men eg trur dette er ei feil-slutning.
Første vær-hovud hadde andletet til Ra, og symboliserte Khnemu frå Elefantine.
Andre vær-hovud hadde andletet til Shu, og symboliserte Khnemu frå Latopolis.
Tredje vær-hovud hadde andletet til Geb (Seb) (Qeb) og symboliserte Khnemu frå Het-Urt.
Fjerde vær-hovud hadde andletet til Osiris, og symboliserte Khnemu frå Hermopolis.
Khnemu bar i seg eigenskapane til alle desse fire gudane, og han rådde over attributtane til dei alle.
I andre gravtekstar er posisjonen til Khnemu annleis. Dei fire værane symboliserte livet til dei fire gudane, og ved Ra hadde hanguddomsmakta i Øvre- og Nedre Egypt. Han vart kalla Væren frå Mendes.
KORLEIS VAR TILHØVET MELLOM KHNEMU OG RA? Begge var gamle gudar. Ra var himmelgud/solgud - Khnemu
var meir jordnær - hadde mellom anna med Nil-flaumen å gjere. Eg trur Ra vart dyrka av aristokratiet - faraos hoff og andrestorfolk, medan Khnemu vart dyrka av bønder og folk flest. Så kom kanskje ei tid då sentralmakta vart sterkare - faraospresteskap ville ha kontroll med gudsdyrkinga rundt om i riket, og dei fann det tenleg å slå saman Ra og Khnemu til einfelles-gud som heile folket kunne samlast om.I byane Sunnu (Syene), Abu ved Elefantine og på øya Senmut låg hovudtempla for KHNEMU-RA. Senmut låg ved grensatil Nubia - som eit grensemerke for Khnemu-kulten. Khnemu vart dyrka som Herre over heile Øvre Egypt. Han vart assossiertmed ISIS - dvs. han vart sett på som ei form/framtoning av Isis - den store gudinna i Øvre Egypt. (På Deltaet og i Nedre Egypt
hadde dei eit nøye samsvarande motstykke til Khnemu/Isis; nemleg PTAH-TANEN/NEFTHYS).
Då Khnemu vart slått saman med Ra, fekk han alle Ra sine attributtar. Han vart kalla Guden som eksisterte før verda varttil, Guden som skapte seg sjølv, og Guden som skapte alt og som held verda i gang. Og ei tid etter opphøgde prestaneKhnemu-Ra endå meir, ved å å identifisere han med NU - den store opphavs-guddom for alle vass-kjelder. Han vartHAP-UR - "Den himmelske Nilen". Og han skulle ha tilhald på øya Senmut.
I 1890 vart funne ein inskripsjon på ein klippevegg på øya Sahal, som fortel følgande historie: Det var i det 19.
regjeringsåret til kong Tcheser (Sekhemkhet av 3. dynasti). Heile Øvre Egypt samt øya Elefantine og Nubia vart styrtav viziren Mater. Kongen sendte eit skriv til Mater, og informerte han om at han var mykje uroa over rapportar hanhadde motteke, om at det ikkje hadde vore nokon skikkeleg flaum i Nilen på sju år. Avlingane av alle slag hadde voredårlege - grønnsaker og frukt var ikkje å oppdrive, og folk hadde svært lite mat. Dei var i så stor naud at dei røvanaboane sine. Menn ynskte å gå ut (på åkrane), men hadde ikkje krefter til det. Barn skreik av svolt, og unge menn fallsaman av matmangel. Eldre folk misste livsmotet og la seg ned på bakken for å døy.
Tcheser mintes guden I-em-hetep, son av Ptah av den Sørlege Vegg, som ein gong hadde berga Egypt frå ein
liknande hungersnaud. Men sidan det ikkje lenger var hjelp å få av denne guden, så bad Tcheser at Mater skulle forteljehan kva stad Nil-flaumen byrja, og kva gud eller gudinne som var verneguddom for staden. Mater gav seg straks i vegtil Tcheser, og fortalde han at Nil-flaumen hadde sitt opphav ved Elefantine-øya, der verdas eldste by låg. Herifrå steigSola opp når ho (han) skulle skjenke menneska si livgivande kraft. Derfor er staden også kalla "Dobbelt Søtt Liv".Staden på øya som Sola kom ut ifrå, var dobbel-grotta Qerti, som kunne samanliknast med to bryst, som alle godeting strøymde ut av. Denne dobbelt-grotta var Nilens kvile-bol, og frå her vakta Nil-guden til tida for flaumen nærmaseg, og så sprang han fram som ein fyrig ung mann, og fløymde over heile landet. Ved Elefantine steig han 28 cubit høgt,men ved Diopolis Parva på deltaet steig han bare 7 cubit. Flaumens vaktar var Khnemu, og det var han som vaktadørene, og det var han som drog vekk dør-boltane når flaumen skulle kome. Mater heldt fram med å skildreKhnemu-templet på Elefantine, og fortalde at dei andre guddommane som vart dyrka der var SET, AKHEKH(ANUQET), HAPI, SHU, SEB, NUT, OSIRIS, HORUS, ISIS og NEFTHYS. Så ramsa han vidare opp alleprodukt frå landområda omkring, og gav råd om kva som burde ofrast til Khnemu.Då kongen hadde fått høyre dette, samla han saman offergåver til guden. Og då tida var inne, gjekk han inn i templet og
la gåvene fram for han. Til sist viste Khnemu seg for han, og sa: Eg er Khnemu, Skaparen. Mi hand kviler på deg,
for å verne deg og gjere lekamen din frisk og sunn. Eg gav deg ditt hjerte - eg er han som skapte seg sjølv. Eg
er vatnets urkjelde, og eg er Nilen som fløymer når eg vil, og gir velferd til dei som strevar. Eg er alle
menneskas vegvisar og rettleiar - den allmektige - gudanes far - eg er Shu - den mektige Jord-gud.
Til sist lova Khnemu at Nilen skulle fløyme kvart år slik som i gamle dagar, og la ut om kva velstand det skulle verte ilandet når han gjorde slutt på tørken. Då Khnemu hadde tala ferdig, beit Tcheser seg merke i at guden hadde sagt seglei for at ingen brydde seg med å halde templet hans i stand, sjølv om det var lagra stein nær Elefantine som var meint åskulle brukast til dette, og at det var vedteke at ein sær-skatt skulle leggast på alle produkt frå distriktet, og brukast tilå underhalde Khnemu's presteskap. Desse gamle vedtaka var opphavleg skrivne på ei treplate. Kongen gav no ordre om at ein kopi skulle inskriberast påein stein-stele som skulle stå på ein sentral plass.
Vi veit ikkje om Khnemu heldt løftet sitt, men truleg gjorde han det. Forteljinga om Tcheser og Khnemu er forfatta i ptolemaiisktid, men fortel om ei mykje eldre hending - truleg frå Det Gamle Kongedømmet si tid. Vi ser at Khnemu si ånd gjennomsyra alleting, og at denne guden, som vart symbolisert med ein vær, var menneske og gudars skapar. Saman med guden PTAH skaptehan det materielle univers, etter planar som var lagt i samråd med guden THOTH. Som Univerets arkitekt hadde Khnemu 7framtoningar, som stundom vart avbileta eller nemnde i tekstar. Desse var:
Khnemu Nehep = Khnemu Skaparen
Khnemu Khenti-Taui = Khnemu, herskaren over dei to land
Khnemu Sekhet Ashsep-f = Khnemu, lys-vevaren
Khnemu Khenti = Khnemu, herskaren over Livets Hus
Khnemu Neb-Ta-Ankhtet = Khnemu, konge i Livets Land
Khnemu Khenti Netchemtchem Nakhet = Khnemu, konge i Huset for Det Søte Liv
Khnemu Neb = Khnemu Herre
SATI eller SATET var Khnemu's kvinnelege motpart. Ho vart dyrka saman med han ved Elefantine. Ho var søster av gudinnaANQET. Sat er rota i namnet hennar. Det ordet vart brukt i tydingar "å skyte fram, springe ut, vekse opp, strø omkring seg, åså frø, sprudling av vatn. Satet var truleg gudinne for Nil-flaumen i gammal tid, og i eigenskap av dette var ho ogsåfræve-gudinne. Men ho vart stundom avbileta med boge og piler - så i dei aller eldste tider var ho kanskje jakt-gudinne (førjordbruket si tid). Grekarane tykte ho likna på deira gudinne Hera.
Det er funne mange måleri av Satet der ho ber krona til Øvre Egypt og eit par horn. Dette viser at Satet ein gong vart rekna åvere ei utgåve av AST-SEPT eller ISIS-SOTHIS. Då templet ved Dendera vart bygt, vart ho assossiert med den lokalegudinna ISIS-HATHOR AV DENDERA. Og ho vart assossiert med AMENT (Theben), MANAT (Heliopolis), RENPIT(Memphis), m.m.II
Byen Mendes var ein stor kult-stad for Khnemu. I svært gammal tid vart han her dyrka som Ba-Neb-Tettu = Væren, kongeav Tettu. Ordet ba tyder sjel og vær på gammal-egyptisk. Væren var den materialiserte sjel. Så var væren eit svært heilagtdyr. Men kva slags sauebukk dette var, kan ein lure på. Var det opphavleg tam-sau, vill-sau eller kanskje ein antilopeart? (Egveit ikkje kva Tettu var....landområdet omkring Mendes?)
Ba-Neb-Tettu vart også kalla Ra's levande sjel, Den heilage Sekhem og Ra's liv. Han vart dyrka som det mannlege
prinsipp hos gudar og menneske. I tekstar kunne han verte titulert slik: Den heilage fallos som eldnar til elskov, Konge over
Sør og Nord, Den virile hann, Vær over værar - hans gåver skyt fram når jorda er blitt overfløymd av Nilen, Sjela -
Ra's liv som er sameina med Shu og Tefnut - den Eine, Gud - som er mektig og streng og reiser seg i Himmel og på
Jord. Med meir.
Opphavleg var Ba-Neb-Tettu ei lokal form av RA. Men med tida fekk han inkludert i seg sjelene til både Ra, Osiris, Seb ogShu. Så vart han avbileta som fire værar, kvar med ei solskive mellom horna. Og desse fire værane vart kalla:Seb's sjel - herre i Het-teftOsiris' sjel - herre i Ta-sentShu's sjel - herre i AnitRa's sjel - ????(tekst ikkje tyda)
Er det fire nabo-byar som har dyrka kvar sin gud - og har så gått saman om ein felles-kult?.
Væren frå Mendes vart stundom skildra som ein vær med fire hovud på halsen.
Det kvinnelege motstykke til Ba-Neb-Tettu var HAT-MEHIT. Dei fekk ein son saman - HERU-PA-KHART. Han skulle ha
sitt guddommelege tilhald i Atemet. På noko vis hadde Hat-Mehit tilknyting til landet Punt, men i Egypt var hennar viktigastekultstad byen Mendes. Her vart ho kalla Mor. Ho var ei form av ISIS-HATHOR, og vart kalla Ra's auge, Himmelens Frue,Gudanes dronning.I sein-dynastisk tid, då Ba-Neb-Tettu vart dyrka som Sjela til OSIRIS, vart Hat-Mehit assossiert med ISIS, og sonen deiravart assossiert med HORUS.
Eg har tidlegare nemnt at Ba-Neb-Tettu opphavleg var ei form av Ra. Ra var Solguden om Dagen. Hat-Mehit var opphavleg eiform av Isis - Solguden om Natta. Prestane i Mendes la vinn på å framheve Ba-Neb-Tettu's virilitet og skapingskraft. Deihevda at dei hadde penis og nedste del av ryggraden til Osiris til oppvaring i templet i byen Per-Khet. Namnet på byen tyderHuset med trappa (= trappa til Himmelen). Så var Væren frå Mendes ei form av Osiris - skaparen. På deltaet vart det trulegarrangert årlege fallos-festar. Men kort tid før den ptolemaiisk periode må noko katastrofe ha råka Mendes - byens tempelgjekk i forfall og guddommen gjekk i gløymeboka.
III
I ein by som heitte Henen-Su eller noko slikt, vart Khnemu dyrka under namet Khnemu Her-Shef eller Her-Sheft.
Henen-Su er kanskje eit anna/tidlegare namn på byen Herakleopolis. Her-Sheft vart her avbileta som ein mann medvær-hovud. Han bar den kvite krona med fjør og solskive. Namnet Sheft tyder modig, streng, mektig. Men her-shef kan tydeHan som er i vatnet, og Heri-sha-f kan tyde Han som er i sanden. Byen Henen-Su er ofte nemnt i den egyptiske Dødebok,som kultstad for Her-Shef. I denne byen hadde Osiris, Ra og Horus utfalda seg i opphavstida. Ra gav ordre til gudinnaSEKHET at ho skulle utrydde alle menneske, fordi dei hadde fornærma han og halde ap med alderen hans. Sekhet drog då utfrå Henen-Su. Set slo seg ned i Henen-Su etter at Horus hadde slått han i tvekamp.
Den store BENNU hadde tilhald i Henen-Su. I nærleiken heldt "Beinknusaren" SET-QESU til. Her fekk sjelene til vakremenneske tilhald, under vern av Osiris. Ein del av tempel-området vart kalla Aat-en-shet (elden), og nær ved lågtortur-kammeret Sheni. Dette kammeret vart vakta av eit monster med hovud som ein sjakal og meg augebryn som ein mann.Han sat og vakta ved "Eldsjøen" - usynleg. Dei døde måtte passere forbi her, og guden plukka nokre av dei, reiv ut hjerta og åtdei. Dette monstret vart kalla Mates, Beba eller Heri-Sep-F.Alt dette viser at Henen-Su/Herakleopolis hadde utvikla ein heilt eigen religion. Her-Shef var ein sol-guddom, og fekk såleis
mange likskapstrekk med RA. Han lyste opp verda med sine strålar. Hans høgre auge var sola og hans venstre auge varmånen. Den livgivande nordavinden kom frå naseborane hans, og lyset var hans sjel. Han var Den eine Gud,men hadde 4hovud - vær, okse og to haukar. Over hovuda bar han Khnemu-horna, to fjør og fire knivar. Dei 4 hovudarepresenterte Ra,Shu, Seb og Osiris, og såleis likna han på RA-TEM av Heliopolis og AMON-RA av Theben.
Her-Shef hadde også eit kvinneleg motstykke. Ho hadde mange namn - mellom anna ATET og MERSEKHNET, og ho vartassossiert med NEITH, HEQET, MEH-URT, ANIT. I skap av ein katt drap ho APEP - mørkets store slange. (Det sameskal Ra ha gjort - så var vel Atet også ei form av Ra). I somme myter var Ra lysguden som kjempa mot mørke-maktene. Atetgav dei døde sjeler himmelsk mat og drykk - det var nektar og ambrosia - kosten som gav dei greske gudane på Olympen evigliv. Og dette var avling frå Dei Elyseiske Markar. Men no byrjar det verte så innvikla og tilrota og religionsblanda at eg giropp å utgreie meir om Khnemu-Her-Shef.
IV
I tida like før og i ptolemaiisk tid var det stor religions-forvirring i landa omkring Middelhavet. Det var mykje samkvem mellomlanda, og gamle og nye religionar blanda seg i hytt og ver. Khnemu finn vi også att i denne smørja. I form av guden SHU -personifiseringa av vind og atmosfære, Himmelens berar og Sol og Måne, vart Khnemu dyrka fleire stader i Øvre Egypt og iHeliopolis. Og han var i skap av ein vær. I Latopolis fekk han utsjånad som guden TEM, og vart identifisert med guden NU -skaparen av gudane og Universet. Somme stader vart han trudd å vere "Søyla som stod på Jorda og heldt Himmel-kvelvenoppe. Han skapte gudane og heile verda. Menneska laga han på ei pottemakar-dreieskive. Han var til frå før opphavstida. Hanvar aldri født. Med mykje meir.
Interessant er det at han i ein inskripsjon vart kalla Du som har opplyft himmelen til å vere kvilestad for sjelene. Og Dulaga det store djup som kan tene til gøymestad for lekamane. Vi ser at den egyptiske religionen har tatt opp i seg impulsarfrå m.a. jødisk religion.Seinare enn XII dynasti finn vi ikkje Khnemu nemnt i gravtekstar, men så seint som i 3. århundre evt. (etter Kristus) kjenner vitil at nokre halv-kristne sekter rekna Khnemu for å vere ein av dei større egyptiske guddommane.Til toppen.   Tilbake.   Til Egypt