Jordbruk.
   Inkaene dyrka mais og poteter, som var dei mest brukte matvarene, sidan dei kunne lagrast veldig lenge. Inkaene konserverte all slags mat, ved å putte maten i krukker, som dei deretter fylte med ein mintvekst som drap insekt og bakteriar. terrassedyrking, slik at dei kunne drive jordbruk også høgt oppe i fjella. Det vart også laga vatningssystem, som gjekk i kanalar under jorda. Inkaene var ekspertar på å utnytte jorda best mogleg, og det er sagt at kvar bonde kunne klare å få 40 forskjellige vekstar i jorda si, uansett kor i riket (klima) han budde. Dei viktigaste vekstane til Inkaene var: Poteter, mais, bønner, jordnøtter, avokado, bomull. Det daglege måltidet til Inkaene var ei suppe av grønsaker, med forskjellige urter, kjøtt og mineral . Desse måltida var kun for å få i seg den nødvendige maten. Det smakte ikkje noko særleg godt, og var nesten tvangsmåltid for arbeidarane. Dersom dei ville ha anna mat, fann dei fram sniglar, makk og andre insekt som kunne spisast. Dei dyrka også forskjellige sjeldne orkidèer, som ar heilage. Coca, den magiske planta til Inkaene, vart dyrka dei fleste stadane, fordi det er ei stimulerande plante, som hemmar tørst, svolt og smerte. Om arbeidarane tygde coca-blader klarte dei å arbeide hardare og lenger. Lamaen var det viktigaste dyret for Inkaene, fordi den kunne bere opptil 50kg, og klarte seg fint i alle høgder, også høgast oppe i Andesfjella. Ulla til lamaen var den viktigaste råvara i klessproduksjonen deira. Lamaen trengte ikkje å fòrast under ferdene, sidan den fann all mat den trengte langs vegen. For Inkaene var også lamaen eit slags symbol.