Nut.

   Mumien til presten Iufa, som nyleg vart funnen i ei sjaktgrav, var innehylla i eit perlebroderi, som m.a. avbilda Nut, med vidtutbreidde, ørneliknande venger.
FAMILIE, versjon I:
Nut var datter av solguden Ra. Ho hadde systra Tefnut, og brørne Shu og Geb. Nut vart himmelen, som kvilte på Shu ogTefnut, som vart atmosfæren. Nut fekk seinare born med Geb; gudane Set og Osiris, og gudinnene Isis og Nephtys.
FAMILIE, versjon II:
   Gudinna Nut var datter av Shu og Tefnut. Ho var kona til jordguden Seb (Geb), og mor tilOsiris,Seth,Isis,Nephthys
Nut var himlane si gudinne - ho regjerte der skyene vart danna, og i alle himmel-egner der sola hadde si vandring frå aust tilvest. Ho var gudinne for himmelkvelven som stjernene og planetane var fest til, og i Pepi I's gravskrift vert ho kalla mor tilVenus.
I tidlege tider hadde egyptarane ulike guddommar for daghimmelen og natthimmelen. Ein natthimmelguddom heitte Nu (Nau) -hans motstykkje for daghimmelen vert i somme gravtekstar hevda å vere Nut (Naut). Med tida gjekk dette skillet igløymeboka - Nu og Nut vart gjerne sett på som ein guddom.
I andre gravtekstar står skrive at Nut representerte den store vasskjelda som alle ting sprang ut av, og at ho skapte denhimmelske Nilen som solguden segla på i sin båt. Denne vassvegen var i to deler - ein del der solguden sigla om daghen, ogandre delen nytta han til nattleg retur.
Då Nut vart dyrke relativt seint i Egypt historie, vart det til at ho overtok attributtane til fleire tidlegare dyrka gudinner - endåtilgamle naturguddommar.
   I Unas gravskrift heiter det at jordguden Seb (Geb) var "Nut's okse" - dvs. han var enten hennar far, ektemann eller son. Nutvert vekslande hevda å vere kona til Nu og Seb.
DØME PÅ TITULERINGAR PÅ NUT I GRAVTEKSTAR:
Nut, den mektige
Den store frue
Ra's datter
Nut - himmelens frue og jordgudanes herskarinne
Nut -den store frue som fødte gudane
Nut, som gav liv til gudane - himmelsk frue og hersakrinne over Dei To Riker.
Kvar by valde seg ein hovudgud som vart dyrka og opplyft til den høgste av alle gudar. I historiens laup tok nye gudar plassen etter eldre - i tider med sterk sentralmakt kunne ein guddom dyrkast som hovudgud i heile riket - til andretider vart ulike lokale guddommar høgheiliga i kvar sin by. Dette til stor forvirring for ettertida - det er ikkje råd å skrive eintydige biografiar om dei egyptiske guddommane og kva kvar av dei representerte.
Slik også med Nut. Nut hadde m.a kultstadar og tempel:
Per-Nut i Memfis
Het-Nut på deltaet.
Ant-en-Nut i tempelterritoriet i Dendera
Per-mest-en-Nut i tempelterritoriet i Dendera
Per-netch-Nut-ma-Shu i tempelterritoriet i Dendera
   I Heliopolis lengst sør på deltaet - her vaks hennar heilage sycamor-fikentre.
Nut vert oftast avbileta som ei kvinne som ber ein vase med vatn i handa. Denne vasen er fonetisk hieroglyf for Nu, ogindikerer såleis både hennar namn og natur (guddom for vatnets kjelder). Stundom ber Nut på hovudet horna og sol-skiva tilgudinna Hathor, og ber i hendene eit papyrus-septer og symbolet for liv- (ei korsform - tre kors-armar og ein sirkel som vender opp). Stundom vert Nut avbileta på same vis som Hathor ofte vert avbileta - kvinne som står i eit sycamor-fiken-tre ogheller vatn ut av ein vase, for sjelene til dei døde som kjem til henne. Dødeboka kap. LIX nemner "Nuts sycamor-tre", og vignetten ser vi Nut stå oppe i treet.
På ein sarkofag frå Turin kan vi sjå Nut i skap av ei kvinne, ståande på eit gull-emblem, med solskive over hovudet, på solskiva"ureai" - cobra-symbolet for herskarmakt. Omkring henne er symbola for Ne-khebet, Uatghet og Hathor som Vestensgudinne. Ved hennar føter står to himmelgudinner med slangehovud. Gudinna sjølv ber gribbe-krune med uraei, og over erplassert uraei for Nord og Sør, og Horus' falk med si kvite krune. Under ser vi sycamor-fikentreet - Nut's merke, og i treet sitRa's store katt - denne riv hovudet av Apep - guden for vondskap og mørke. Slik Nut framstår på dette biletet, har ho tatt påseg atributtane til alle gudars og verdas store mødre.
På mange kister og papyrusar finn vi Nut avbileta som ei kvinne - framoverbøygd til ein halvsirkel - slik symboliserandehimmelkvelven. Hennar armar og bein representerer dei fire pillarar som himmelkvelven kviler på. Ho har just fridd seg frafamntaket til jordguden Seb, han ligg att på bakken under henne, med ei arm berørande marka, og den andre strekt mothimmelen. På ulikt vis vert det fortalt om korleis Solguden segla langs Nuts kropp frå aust til vest - korleis han kom seg tilbakeom natta - somme skrifter blandar inn Måneguddommen også. At Nut lyfter seg opp frå jordgudens famntak, skal symbolisereden første skapingsakta, og denne scena er mykje avbileta i gravene.
   Nut held gjerne skip i hendene, eller dei seglar over hennar rygg. I båtane kan site ulike gudar - Osiris, Khepera, Thoth,Khnemu, Ra, variantar av Horus. Nut var "Himmel-mora" - mor til Solguden.
Frå svært mange tekstar kan vi lære at Nut vart sett på som venn og vernar av den døde. Avdøde masa på henne om å få mat,hjelp og vern - slik eit barn masar på mor si.
I Dødeboka kap LIX er ei bøn til Nut om å skaffe den avdøde luft og vatn:
Ver heilag, du sycamor-treet til Nut. Gi meg av lufta og vatnet som dveler i deg. Egomfamnar trona som står i Unni (Hermopolis), og eg vaktar og vernar om egget somer lagt av den store kaklaren (gåsa(Geb)). Eg veks når egget veks - eg lever når egget lever - eg pustar når egget pustar. Desse orda er ledsaga av ein vignett der Nut står i eit tre. Ho strekkjer ut armane mot den avdøde, som kneler vesycamor-treet. I eine handa held Nut eit brett med brød og andre matvarer, og med andre handa heller ho vatn til han frå einvase. Nut sørgde for matserveringa i Himmelen.
   I Dødeboka kap. CIX, kan vi lese at i Heliopolis vaks to turkis-farga sycamor-fikentre (det eine eller begge må ha vore Nutsheilage sycamor), og at Solguden kom fram mellom stammene til desse når han skulle byrje si reise over Himmelen. Ved treasleggar vart monster-slangen APEP ein av SETHS fylgjer - representerande mørke og vondskap, nedkjempa av STOREKATT RA. Mellom treas greiner kunne trøytte sjeler søke tilflukt under den brennande middagsheiten om sommaren. Herfekk dei mat og drikke av Nut sjølv, og fekk site til bords med dei guddommelege døtrene og sønene til Nut.
I Egypts seinare historie hevda prestane i byen Dandarah at Nut hadde sin heimstad i denne byen. På tempelveggane skreivdei at ISIS fødestad var her, i templets fødekammer. Her fødte Nut eit mørkhuda barn som ho kalla Khnemet-Ankhet(Kjærleikens Dronning). Då Nut såg barnet, uttalte ho "As....(sjå......eg er blitt di mor). Dette var opphav til namnet AST forISIS.
I Theben vart Nut identifisert med og kalla:
Isis
Gudemora
Dandarah's dronning
Herskarinna i Ant
Gudinna Nubt som var født i Per-Nubt, og gav liv til Osiris i Theben,
fødte HORUS i Quesquest
fødte NEPHTHYS i Het-Seshesh
I byen Het-Seshesh vart Nut sett på som ei utgåve av flodhest-gudinna APET (API), og som flodhest-gudinna TA-URT.Også i eldre tider vart Nut samrøra med flodhestgudinner. Dessutan som ei form av HATHOR. Ei anna utgåve av Nut varHEQET - ei gudinne som var den kvinnelege partnar til SOBEK-RA frå byen Kom-Ombo.
I Egypt hadde året 12 månadar på 30 dagar, pluss 5 ekstra dagar for å få eit år på 365 dagar. På desse "epagomentaledagane" fødte Nut sine fem barn.
Første dag (uhellsdag) Osiris
Andre dag Horus (Heru-Ur)
Tredje dag (uhellsdag) Seth
Fjerde dag (lukkedag) Isis
Femte dag (uhellsdag) Nephthys
   Nut var svært viktig person i Underverda for egyptarane. Utan henne ville det vere vanskeleg å få kome til eit liv etter døden.Ho vart sett på som den guddommelege mor for alle. Egyptarane bad til ho, at ho måtte gi dei same vern som ho gav til Osiris.Så tidleg som i farao Menkaure si tid, vart det gjort inskripsjonar til Nut på gravkister. Egyptarane sette sin lit til at Nut tokvare på dei døde i Underverda (Tuat) og i Dødsriket. Nut vart teikna på kistene med venger som breidde seg vernande omden døde, og med synbola for himmelsk vatn og luft i hendene.
Til toppen.   Tilbake.   Til Egypt.