Ra.
   Før skapinga eksisterte havet - Nu heitte ur-vassmassene. Ra kom ut av eit egg (eller blomst) som dukka opp på havetsoverflate. Ra fekk 4 born: Gudane Shu og Geb, og gudinnene Tefnut og Nut. Shu og Tefnut vart luftlaget. Geb vart jord ogNut vart himmel. Ra var herskaren. Geb og Nut fekk seinare 4 barn, ma. Osiris, som etterfylgde Ra som allfader.
   Solguden RA segla opp til å bli landets hovudgud, samstundes med utviklinga av pyramidane. Pyramidane symbolisertesolstrålane som slo gjennom skydekket.Ra reiste med båt over himmelen. Om natta drog han i retur gjennom underverda i ein annan båt.I byen Heliopolis vart solguden Ra dyrka - i ni-guds-gruppa var han far i triaden.
   I Dødeboka kap. CIX, kan vi lese at i Heliopolis vaks to turkis-farga sycamor-fikentre (det eine eller begge må ha vore Nutsheilage sycamor), og at Solguden kom fram mellom stammene til desse når han skulle byrje si reise over Himmelen. Ved treasleggar vart APEP - ein monster-slange tilhøyrande SETH - personifiseringa av mørke og vondskap, nedkjempa av STORE KATT RA (Ra i katteham)
9-GUDS-GRUPPA
RA/TEM (Frå egg som flaut opp av ur-vassmassene)
Sola
GEB(SEB) + NUT SHU + TEFNUT
Jorda Himmelen Himmelkvelven Lufta
SETH Mørke og vondskap
NEPTHYS Seths kone
OSIRIS Etterfylgde Ra som allfader. Vart konge i Underverda.
ISIS Kona til Osiris
HORUS Konge over Egypt
   Då ein thebansk lensherre slo seg opp til farao, gjorde han AMON til hovudgud for heile riket, men då samansmelta medsolguden Ra. (AMON-RA).
Ra vart stundom avbileta med haukehovud, og haukar vart ofra til han. Hauken raste i stor fart over himmelen.
SEGNA OM DÅ RA REID PÅ EI KU:
I svært gamal tid, då Ra rådde over gudar og menn, og hadde sitt drottsete i byen
Suten-henen, byrja menneskja å ytre opprørske ord mot han. Då bestemte den store gud seg for å utrydde menneskja. Hansamla Hator, Shu, Tefnut, Seb og Nut omkring seg, og fortalte dei kva menneskja hadde gjort. Han sa han ville ikke straffemenneskja før han hadde høyrt kva den første-fødte gud og opphavs-gudane meinte om saka. Til dette svara den førstefødtegud Nu. Han rådde til at Ra's datter Hathor ("Ra's auge") skulle setje igang å utrydde menneskja. Ra tykte dette rådet var bra,og Hathor for straks hen og drepte alle menneskja. Då ho var ferdig og kom heim, var Ra svært nøgd med henne. Snart ettervart Ra trøtt og lei heile Jorda. Han let gudinna Nut skape seg om til ei ku, kleiv opp på ryggen hennar og forblei der. Mensnart byrja Nut å riste og skjelve av høgdeskrekk, fordi ho var så høgt over Jorda. Då ho klaga til Ra over dette, kommandertehan Shu til å kome og stø henne. Shu held Nut oppe mot Himmelen. Han lyfte oppunder med begge armane og hovudet. Over
kua fekk no Himmelen liv og sjel, og under kua fekk Jorda liv og sjel - Jordguden Seb (Geb) og hans kvinnelege partnar,himmelgudinna Nut byrja sin eksistens. Dei fire kardinalpunkta vart også til nå.
AMMUI var namn på gudar som vart født av bloddråpar frå RA då han lemlesta seg sjølv??...
- vart lemlesta som OSIRIS?? (Liknar på straffa den greske gud Kronos gav sin far Uranos).