Samfunnet.
   Inkaene er kjende for sitt avanserte post- og meldingssystem, der dei hadde postar langs vegane, som var sette ut med eit par kilometers mellomrom. Ved kvar av desse postane hadde dei topptrena springarar, som raskt kunne bringe vidare meldinga til neste post. Ein har høyrd at dei kunne frakte ei melding mellom 24-40 mil om dagen.
Sjølv om Inkaene ikkje hadde noko skriftspråk, brukte dei ei rekkje med trådar, der knutane var knytt på forskjellige plassar. Desse var mest brukt til å gje bodskap med tal, til dømes kor stort lageret av mat og metall var, mennesketeljing i bygder, fiendar dei møtte. Inkaene var enormt flinke arkitektar, og bygde sterke hengebruer over djupe dalar, og elver. Inkaene var veldig flinke til å tilpasse seg dei ulike forholda. Når Inkaene overtok nye områder brukte dei 2 taktikkar, 1. å ta over regionen med militærmakt, eller 2. å drive diplomati, der den utsette regionen fikk valget om å slå seg i saman med Inka Riket, og tene under Cuzco, mot å få støtte og prestisje. Når Inkaene tok over nye områder, lot dei alt vere som før, kongane som styrte der fekk styre som før, med same religion, bare dei arbeida for og hjalp Inkaen. Slik har Inkaene bredt seg utover frå hovudstaden Cuzco.
Samfunnet til Inkaene var bygd opp med 4 klassar: 1.) Inkaen 2.) Dei fire sjefane for regionane, og anna slekt av Inkaen 3.) Vanlege arbeidarar og familiar 4.) Slavar og kriminelle. Det som Inkaen sa, vart lova, og alle måtte følgje det han bestemte. Han tok ikkje alle vala sjølv, men hadde fleire rådgjevarar som hjalp han til å styre riktig og rettferdig. Sjølv om Inkaen hadde all makt, var han snill mot folket, og hadde kontroll over at alle hadde det dei trengte. Inkaen forsynte ALLE med klede, som oftast ein uniform av lama-ull, mat og råvarer mot at folket arbeidde for han. Dette er likt med kommunismen som står for ”Yt etter evne, få etter behov”. Også dei gamle, og funksjonshemma, som ikkje kunne arbeide hardt fysisk, blei tatt hand om. Dei fekk arbeide med å studere plantar, og medisin i naturen i staden, og fekk dekka sine behov, som alle andre. Sidan Inkariket utvida seg så enormt var det stor behov for arbeidskraft, derfor var det viktig at alle fekk seg barn, slik at dei klarte å halde samfunnet oppe. Nokre plassar vart det sett ned på dei som var jomfru, ettersom reproduksjon var veldig viktig.
Dersom kriminelle vart tatt, blei dei ikkje satt i fengsel, men dei kunne bli degradert til underklassen i samfunnet, der slavar og andre kriminelle var. Dei som prøvde å gjere opprør mot Inkaen, var flytta til andre sida av riket, der den som ville gjøre opprør ikkje kjente ein sjel, eller snakka det same språket. Slik klarte Inkaene å halde kontroll over vald, og opprør.