En Velferdsstat.
   Inkaen garanterte menneske sin velferd. Ved hjelp av sitt byråkratiske apparat sørgja inkaen for at kvar og ein holt seg til sitt; gifta seg med dei riktige personane, lærte seg det offisielle språket quichua, samt gjorde sin verneplikt. I inka riket skulle ingen svelt, alle fekk arbeid og dei gamle menneska fekk til og med pensjon, og vart sat til å gjere jobbar som passa meir for eldre.
   I Inka -samfunnet hadde ein fire samfunnsklasser. Øvst sat "inkaen" og familien hans som vart kalla "sola sine søner". Etter dei kom prestar, dommarar og andre viktige personar med privilegium. Dei fleste menneska gjekk derimot under den tredje samfunnsklassen. Dette var vanlege folk som måtte arbeide og betale skatt. Inka-riket hadde dei ikkje fengsel, men forbrytarar og opprørar vart gjort til slavar som utgjorde den fjerde samfunnsklassen.
Inkaene hadde ingen pengar, eller ting som hadde kjøpeverdi i samfunnet. Riket deira var fullt av naturressursar i metall -> gull, sølv, bronse og andre. Gull vart sett på som det finaste av pynt, og symboliserte Sola, sølv var nest viktigast, då det symboliserte månen. Desse rikdommane hadde ingen verdi for Inkaene, bortsett frå pynt.
Det viser seg at nettopp på grunn av desse rikdommane, som ikkje hadde nokon eigentleg betydning for Inkaene, vart Inkariket totalt øydelagt, då spanjolane kom for å ta alt metallet, og andre ting som var av verdi i Vesten.